Hopp til innhold

... Men heime har han ikkje tid til å moke

FØRDE (NRK.no): Roger Kalstad har ikkje tal på kor mange timar han har brukt til brøyting i romjula. Sitt eige tun har han ikkje hatt tid til å moke.

Entreprenør Roger Kalstad har si fulle hyre med å brøyte ved sjukehuset i Førde. Brukar sju timar på jobben.

STOR JOBB: Roger Kalstad og kollegaene brukar mellom sju og åtte timar berre på å brøyte vegar og parkeringsplassar rundt Førde sentralsjukehus.

– Nei, heime blir det sjeldan moka. Eg fekk ikkje tid til det i går, og heller ikkje før eg skulle på jobb i natt. Så der er det nok sikkert over 60 centimeter no, seier Kalstad.

Han er ein av dei mange brøytebilsjåførane som har stått på kontinuerleg gjennom det store snøfallet dei siste dagane. Natt til måndag var han i gang med å brøyte ved sjukehuset Førde allereie klokka 03:30.

Og slik har romjula stort sett vore. Hjullastaren har ikkje stått i ro.

– Eg veit ikkje kor mange timar eg har jobba. Men det er slik det er å drive med brøyting. Eg får gå laus på snøen heime seinare, ler Kalstad.

Brukar åtte timar på å brøyte rundt sjukehuset

Søndag kom det 30 centimeter snø på kort tid. Så kom det nesten like mykje på berre nokre timar natt til måndag. Mange vakna opp til ein halvmeter med nysnø.

Ved sjukehuset i Førde har dei hatt si fulle hyre med å halde vegane og parkeringsplassane fri før snø.

– Snøen kom veldig fort. Vi har ikkje før køyrt ein runde med hjullastar, før vi må snu – og så er det nesten som om vi ikkje har vore der. Vi kan ikkje gå heim og kvile når det er slik, seier Kalstad.

Han reknar med at han saman med kollegaene brukar mellom sju og åtte timar berre på å brøyte rundt sentralsjukehuset. Ikkje minst går det mykje tid på å brøyte mellom alle dei parkerte bilane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Roger Kalstad brøytesjåfør

FERDIG: Endeleg ferdig etter mange timar bak rattet i hjullastaren. Heime i tunet ventar 60 centimeter med snø ...

Foto: Rune Fossum / NRK

Kostar kommunen om lag 100.000 kroner

Teknisk etat er ansvarleg for alt som har med brøyting å gjere i Førde kommune. Der har det vore travle dagar i romjula.

– Det har komme veldig mykje snø. Det siste snøfallet kom dessutan seint på morgonen – og det er det mest uheldige tidspunktet, då folk skal av garde på jobb. Eg er glad det er romjul, og at det ikkje er ein vanleg måndag, smiler Ken Fagerli i Førde kommune.

Han har hatt mellom 20 og 25 ulike maskiner i aksjon for å ta unna snøen denne måndagen. Ein fullstendig brøyterunde i Førde kostar kommunen om lag 100.000 kroner.

Må halde vegen open for ambulansane

Ved sjukehuset spelar brøytesjåførane ein viktig rolle for beredskapen til Helse Førde. Helidekket må brøytast så snart det har lagt seg tre centimeter, og vegen til og frå akutten må brøytast når det har komme fem centimeter.

– Det er veldig viktig at vi klarer å halde fri sikt for trafikk og utrykkingskøyretøy, seier Kalstad.

Dei siste dagane har det komme så mykje snø, at brøytemannskapa må leggje snøen på plassar der det elles skulle ha stått parkerte bilar. Så snart dei har fått det verste unna, må dei køyre haugane bort til næraste stad og dumpe snøen.

– Det er mykje snø å flytte på etter eit snøfall. Og når det sluttar å snø, er ikkje vi ferdige då heller. Det kan gå endå eit døgn før vi er ferdige.

Parkerte bilar og mykje snø ved Førde sentralsjukehus

MYKJE SNØ: Parkeringsplassen utanfor Førde sentralsjukehus er ferdig brøytt for denne gong.

Foto: Rune Fossum / NRK