Hopp til innhold

-Volda er eit godt alternativ

Ordføraren i Eid er nøgd med at fødeavdelinga i Volda får halde fram.

Ordførar Sonja Edvardsen
Foto: NRK

- Dei har hatt ein ryddig prosess. Dei har svart på retningslinjene. Slik er det ikkje her i fylket. Helse Førde er i strid med sentrale retningslinjer.


Ordførar i Eid Sonja Edvardsen

Ordførar i Eid, Sonja Edvardsen, er nøgd med at fødeavdelinga i Volda truleg får halde fram, og seier det er eit reelt alternativ dersom føden i Eid vert lagt ned.

Godt nøgd

Volda sjukehus

Volda sjukehus

Foto: Helse Sunnmøre

Ho er svært nøgd med helseføretaket Helse Midt Norge sitt vedtak fredag.

No vonar ho Helse Vest vil handsame sjukehusa i Sogn og Fjordane etter dei same prinsippa.

- Det er reelt alternativ dersom det verste skulle skje. Men det er ikkje noko vi vurderer no, seier Edvardsen.

Får avgjere sjølve

Nordfjord Sjukehus

Nordfjord Sjukehus

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fredag vedtok styret i Helse Midt Norge å la dei lokale helseføretaka få avgjere sjølve korleis sjukehusstrukturen skal vere.

Leiaren i Volda sjukehusaksjon meiner fødeavdelinga i Volda då er redda, sidan det er det Helse Sunnmøre ynskjer.

-Ein ryddig prosess

Edvardsen meiner Helse Førde sitt forslag om å legge ned fødeavdelinga, ortopedien og akutten på Nordfjord Sjukehus er mot nasjonale vedtekter.

Difor er ho svært nøgd med Helse Midt Norges avgjerde, fordi ho meiner at dersom Helse Vest følger deira døme vil Nordfjord sjukehus vere berga.

- Dei har hatt ein ryddig prosess. Dei har svart på retningslinjene. Slik er det ikkje her i fylket. Helse Førde er i strid med sentrale retningslinjer.