17. desember kom meldinga dei tilsette ved Domstein Raudeberg hadde frykta. Konsernet legg ned den pelagiske fiskefabrikken på grunn av mangel på råstoff. I romjula fekk 25 tilsette oppseiingsbrevet, men dei vart samstundes lova ny jobb i konsernet.
Fryktar tap av ansiennitet
Men med dette vedtaket er klubben redd for at dei tilsette mister ansienniteten sin, og dermed er dei første som ryk ut om det kjem ytterligare nedskjeringar i Domstein-konsernet. I kontrakten deira står det at dei er tilsette i konsernet, og kan flyttast etter behov. Dermed meiner dei tilsette at dei skal behalde ansienniteten sin.
Intern prosess
Organisasjonssjef i Domstein, Henry Reiersen, seier dei er av ei anna oppfatning, men vil ikkje kommentere saka ut over dette. Han seier det er ein intern prosess. Neste veke kjem representantar frå Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeidarforbund, NNN, til Raudeberg for å hjelpe dei tilsette med forhandlingane. Med andre ord er siste kapitlet om Domstein Raudeberg langt frå avslutta.
Oldeide seier at dei tilsette ikkje har gitt opp kampen om å overta bedrifta, men seier det ser svært vanskeleg ut, sidan Domstein ikkje ønskjer konkurrerande verksemder inn i bygningen.