Aarethun meiner flyttinga av pasientar mot deira eigen vilje, slik som i Høyanger og Bremanger, er uttrykk for den dårlege kommuneøkonomien.
Nils og Johanna Bjørkhaug
Ekteparet i Lavik
I Høyanger skal kommunen leggje ned sjukeheimen i Lavik, sjølv om dei eldre står i kø for å få eit slikt omsorgstilbod. Stenginga av Lavik sjukeheim vil mellom anna føre til at eit ektepar som har vore gift i snart 64 år blir tvangsskilde. Etter planen skulle 90 år gamle Nils Bjørkhaug og dei andre bebuarane flyttast til sjukeheimen på Kyrkjebø i går, men det stoppa Fylkeslegen, for kommunen har ikkje følgt spelereglane i sin iver etter å spare pengar.
Psykisk utviklingshemma flytta
Heller ikkje i Bremanger gjekk alt rett for seg då kommunen tvangsflytta den 68 år gamle psykisk utviklingshemma John Kreken frå ein kommunal bustad til sjukeheimen. I går oppheva Fylkesmannen kommunen sitt vedtak om flytting, fordi det ikkje er god nok grunn for flytting at ein annan person trengte Kreken sin plass.
Aarethun vedgår at det nok er lett for at kommunar med dårleg økonomi lar kutta gå ut over dei svakast når budsjetta skal syast saman. Han seier at så lenge pengane frå Stortinget lar vente på seg, må vi førebu oss på at det blir lengre mellom sjukeheimane og skulane.