Hopp til innhold

Ny optimisme: Lærdal har fått 52 nye arbeidsplassar på eit halvt år

–Gledeleg! seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal etter at kommunen har fått 52 nye arbeidsplassar på eit halvt år. Ein negativ trend er snudd og den trengte kommunen, seier ordføraren.

Jan Geir Solheim gir vekk åtte bustadtomter

OPTIMISME I NÆRINGSLIVET I LÆRDAL: Lærdal kommune har sidan i haust fått 52 nye arbeidsplassar. Ordførar Jan Geir Solheim er glad for at trenden i bygda har snudd.

Foto: Odd Helge Brugrand

Lærdal kommune har sidan i fjor haust fått 52 nye arbeidsplassar. Det viser tal frå Lærdal Næringsutvikling.

–Dette snur ein negativ trend, seier ordførar Jan Geir Solheim. Han minner om at alle piler peika for kort tid nedover i kommunen. No kan vi glede oss over mange gode kommande prosjekt, seier Solheim.

–Vi trengte denne omstillinga, seier han.

Næringslivet har fått trua

Fleire arbeidsplassar vil bli lyst ut og ikkje alle stillingane er det tilsett folk i. Arbeidsplassane er kjem både innan offentleg og privat sektor.

– Det er svært gledeleg at bedriftene i kommunane har fått meir trua på at dei kan utvikle bedriftene sine og utvikle nye idéar, seier Jan Geir Solheim som er ordførar i Lærdal.

– Fleire av dei nye arbeidsplassane i privat sektor kjem i verksemder som sørvar eit marknad utover regionen og som gjerne er plassert i Lærdal på grunn av Lærdal si sentrale plassering, seier dagleg leiar Arve Tokvam i Lærdal Næringsutvikling.

Arbeidsplassane i offentleg sektor kjem etter nyetableringar ved sjukehuset og i Statens vegvesen.

Mista kvinnearbeidsplassar

I 2012 fekk kommunen omstillingsstatus etter at kommunen hadde mista 90 arbeidsplassar, mange av desse var kvinnearbeidsplassar. Mellom anna måtte 55 personar slutte då Opplysninga 1881 vart lagt ned. I tillegg kom det mange endringar ved Lærdal sjukehus.

Til omstillingsarbeidet løyvde Fylkeskommunen ein million kroner. Summen skulle gå til å etablere ein omstillingsorganisasjon og tilsette ein prosjektleiar.

Omstillingsarbeidet har gått så bra at ambisjonane i omstillingsarbeidet må revurderast.

–Truleg må me auka målsetjingane i omstillingsplanen, seier Tokvam.

Sentral plassering er positivt

Ikkje heile veksten i arbeidsplassane kan relaterast til omstillingsarbeidet. Men at omstillingsarbeidet har hatt ein positiv effekt på satsingsviljen i næringslivet i Lærdal.

-Stadig fleire får auga opp for kor sentralt Lærdal ligg i landet, og kor kort veg det er til dei største byane våre. Dette er ein gledeleg vekst og skal den vare ved må me no også bygge mange bustadar, seier ordførar Jan-Geir Solheim i Lærdal kommune.

Kommunen har 30 ulike prosjekt i gang som går på å utvikle arbeids- og busituasjonen i Lærdal.