Hopp til innhold

-Slutt med gyro-tullet

Den umogelege kampen mot gyrodaktylus salaris i Lærdalselvi må avsluttast. Det meiner Kurt Oddekalv.

Aksjon Lærdalselva
Foto: Per Svein Reed/Scan-Foto, Reed, Per Svein

I går vart det på ny funne gyro-smitte i elva, trass i at det er brukt store ressursar på å bli kvitt lakseparasitten.

Tull

- Det er berre tull å kjempe vidare mot gyro-smitte i Lærdalselvi, seier Oddekalv til NRK Sogn og Fjordane.

Leiaren i Norges miljøvernforbund trur styresmaktene igjen kjem til å godta ei ny behandling av elva. Anten med aluminium eller rotenon.

Smitt heller fisken

-Det einaste som fungerer er å smitte yngel med gyro, og så må dei setje ut igjen den fisken som tåler parasitten. Dette kan gjerast i settefiskanlegget som fungerer godt i Lærdal, seier Oddekalv.