Hopp til innhold

Meiner Dalsfjordsambandet er trygt slik det er planlagd

Fylkesordførar og leiar av nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, held fast på at vurderingane som vart gjort om å ikkje bygge tunnel på Dalsfjordsambandet er rett.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

TRYGT: Fylkesordførar og leiar av nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, meiner vegen blir like trygg som andre vegar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkespolitikarane tok avgjerda i 2008 etter grundige vurderingar frå geologar. Men ho er overraska over at anleggsleiarar og andre no slår alarm om omfattande rasfare på vegen.

– Det er litt overraskande at det kjem fram påstandar at det er så rasfarleg, seier Kjelsnes.

Kritisk anleggsleiar

Steinras ved Eikenes

NYTT RAS: Laurdag ramla det ned mellom ti og 15 steinar ved Eikenes.

Foto: Steinar Bauge

Sist laurdag gjekk det eit stort steinras i anleggstraseen, same stad som det like før var stor aktivitet og oppstillingsplass for bilar og maskiner.

Anleggsleiar på Dalsfjordsambandet, Bjørn Tore Årevik i KA Aurstad AS sa tidlegare i dag at dette er eit skandaleprosjekt.

– Vi har hatt flaks fleire gonger. Hendingane har vore på vår side, seier han.

Fleire ras

Raset er ikkje det første på det nye sambandet som opphavleg var kalkulert til kring 900 millionar kroner. Nyleg tok eit jordras med seg store delar av det nye vegfundamentet i det same området.

Tidlegare har ein tunnel rasa saman. I sommar åtvara geolog Einar Alsaker i Sunnfjord Geosenter mot rasfaren på sambandet som etter planen skal opne i desember 2013.

– Like sikker som andre vegar

Åshild Kjelsnes seier det har blitt grundige vurderingar av fleire geologar.

– Det er få registreringa på at det har vore aktivitet i dei åra vegen har lege usikra. Når desse punkta no er kartlagde og utbetra, så meiner eg denne vegen skal vere like sikker som andre vegar.