Hopp til innhold

Pengestraum har ikkje hjelpt psykisk sjuke

Norge har aldri brukt så mykje pengar på psykisk sjuke som no. 3,3 milliardar øyremerka kroner får kommunane frå staten. Men likevel er dei pårørande misnøgde med oppfølginga til dei som slit.

Mental helse, illustrasjonsfoto
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Ann-Iren Ulvedal er med i Mental Helse Stryn og Hornindal og opplever at bornet hennar får ei dårleg behandling.

- Det kan vere ein fulldagsjobb å vere psykisk sjuk. Å springe frå psykolog til psykolog, frå den eine behandlinga til den andre er veldig dyrt. Og det er mykje opp til den som er sjuk å ordne opp i alt. Det eg reagerer mest på er at det er veldig lite oppfølging etter avslutta behandling ved eit sjukehus. Ein får ikkje informasjon om spesialfelta til psykologane og derfor er det vanskeleg å vite om behandlinga ein går inn i passar.

Rekordutbetaling

Sidan 1998 har staten følgt ein opptrappingsplan for psykisk helse. I år sluttar han med rekordutbetalingar til kommunane, fortel divisjonsdirektør Ellinor S. Major i Sosial- og Helsedirektoratet. Drøyt 86 millionar kjem til Sogn og Fjordane. Og ho oppmodar om å bruke desse pengane på rett vis.

Manglande engasjement

Men pengar eller ikkje, det er likevel vanskeleg å få folk til å engasjere seg i arbeidet for psykisk sjuke, seier Ulvedal.

- Sånn opplever i alle fall eg det, og fleire med meg. Som sekretær i Mental Helse i mange år, er erfaringa mi at det er vanskeleg å få noko ut av det arbeidet vi gjer. Det er litt tabubelagt enno, og vanskeleg å få folk til å møte på sosiale aktivitetar, og også vere med i laget og drifte aktivitetane.