Hopp til innhold

Lovar fleire 100 millionar til rassikring

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete var i Gudvangen søndag for å sjå på rasstaden på E16.

Liv Signe Navarsete besøker Gudvangen
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Etter at det gjekk eit svært steinras der tysdag ettermiddag, har vegen vore stengd til laurdag ettermiddag.

Rasoverbygg eller tunnel

Liv Signe Navarsete i helikopter

Samferdsleministeren flaug over raset for å ta det i nærare augesyn.

Foto: Ann-Iren Finstad / NRK

Navarsete kunne love at regjeringa ville løyve fleire 100 millionar kroner til rassikring i Norge, og at rassikringa av E16 i Nærøydalen ville kome inn på statsbudsjettet allereie i 2010.

Vegvesenet vurderer no om det er best å lage eit rasoverbygg eller ein tunnel. Men fordi vegen går gjennom eit verdsarvområde, og det går ei elv som ikkje kan flyttast, får dei ein del utfordringar knytt opp mot dette.

Ikkje ras før 2008

Det denne staden har det ikkje gått ras før i 2008. Sidan november 2008 har det gått seks ras på E16 ved Gudvangen, tre av desse har hamna i vegen. Raset som gjekk no er restar av laus stein frå dei rasa som har gått her tidlegare i år . Som eit kortsiktig tiltak skal ein byggje rasvollar i raset.

Sjå også Fryktar fleire ras i Aurland .