NRK Meny
Normal

-Må skje meir på Tusenårsstaden

Gulenordførar Trude Brosvik vil ha meir aktivitet ved Tusenårsstaden på Flolid i Gulen.

 Fylkeskommunen har invistert omlag 8 millonar i anlegget  som vart opna  i august i fjor. No forventar Brosvik at fylkeskommunen i større grad vil nytte seg av anlegget kring det historiske tingsetet.

Trude Brosvik
Foto: Randi Indrebø / NRK

 - Først og fremst det eg forventar er at når dei har vore med på å lagt til rette for denne kjempeflotte plassen, så vil dei bruke han til ulike arrangement, seier ho.

Prosjektstilling

Nyleg tilsette Fylkeskommunen ein person som skal jobbe med aktivitetar på Tusenårsstaden. Denne personen er tilsett i 70 prosent stilling.

- No har vi eit godt samarbeid, vi har nettopp tilsett ein prosjektleiar. Men eg vil jo tru at ein framover må sjå føre seg ei opptrapping når ein kjem skikkelig i gang, seier Gulenordførar Trude Brosvik 

 Synes du fylkeskommunen viser nok vilje til å bruke Tusenårsstaden ?

- Nei hittil har dei kanskje ikkje det, men eg trur dette er noko som kjem.

 Tida vil vise

Fylkesdirektør for kultur Ingebjørg Erikstad seier dei meiner ei 70 prosent stilling er nok i første omgang, så får tida vise om det er behov for meir.