Hopp til innhold

-Ikkje pengar til Olden-Innvik

Fylkesordførar Nils R. Sandal gjev ikkje indre Nordfjord store voner om ekstraløyving til riksveg 60 no.

Fylkesordførar Nils R. Sandal
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det var på spørsmål frå Johanna Nygjerd i Fylkestinget at Nils R. Sandal måtte svare på om han ville presse departementet for å få meir pengar.

Billegare å halde fram

Den elendige vegstrekninga mellom Olden og Innvik får i år åtte millionar kroner ekstra til utbetring av ei kort strekning. Johanna Nygjerd (KrF) ville ha fylkesordføraren til å presse på departementet for å få meir midlar, slik at arbeidet som no startar kunne halde fram.

Det er alltid billegare å halde fram når maskiner og mannskap er på plass enn om dei må flyttast og kome tilbake seinare, meiner vegaksjonistane.

Men fylkestinget har tidlegare prioritert Dalsfjordbrua framfor Olden-Innvik. Den vegen står først for tur etter 2010.

Rundt svar frå fylkesordføraren

- Vi arbeider kontinuerleg med å få auka rammene til vegbygging i fylket, og dette er tema i alle dei ulike samanhengane vi har drøftingar med samferdselsministeren. Eg kan seie at det er relativt ofte, men det er viktig å presisere, i samsvar med Fylkestinget sine prioriteringar, seier Nils R. Sandal.