Førre veke var samferdslekomiteen på rundtur i Sogn og Fjordane, med leiar Petter Løvik frå Høgre i spissen. Også vår eigen Sverre Hoddevik, høgremann og komitémedlem var med.
Men under denne turen svikta Høgre-representantane fylket vårt grovt, ved å gå tilbake på tidlegare lovnadar i viktige samferdslesaker, seier FrP sin Åge Starheim.
Han siktar til tre ting: Løvik som sa at det truleg ikkje vart aktuelt å skyte inn pengar for å få ned den skyhøge bompengesatsen i Fjærlandstunnelen. Nummer to: lite velvilje for å få realisert Stad Skipstunnel, og nummer tre: ein svært så stille Hoddevik som ikkje hadde noko å seie i sitt eige heimfylke eingong.
Sverre Hoddevik
Men no tek Hoddevik bladet frå munnen. Han er klar over at Fjærlandstunnelen er det bompengeprosjektet som er mest belastande i heile landet, slik at den gang det blir snakk om å redusere og lette på trykket, vil dette prosjektet komme langt fram i køen.
Starheim meiner det nyttar lite å synse langt fram i tid og seie det skal komme eitt eller anna, når folk og næringsliv huskar Høgre sine løfte frå Stortinget sin talarstol om å gjere noko med bompengesatsane.