Turistsjef Gunn Eidhammer i Hemsedal trur ikkje nokon veit om tunnelopninga den 27 november, men Lefdal meiner det motsette. For om ikkje hemsedølene har fått med seg når Lærdalstunnelen opnar, så veit i alle fall resten av verda det, seier vegsjefen.
- Hemsedalen er ikkje akkurat verdas navle, og eg veit ikkje kor mykje Eidhammer får med seg, men eg vil tru at også folk der har fått med seg at tunnelen opnar. I resten av verda er dette godt kjent. Uansett kvar vi kjem så veit folk at Lærdalstunnelen ligg i Sogn, og at han skal opne den 27. november, seier han.
Under bygginga har gjester frå USA, Japan, Korea og fleire europeiske land vitja tunnelen for å sjå vidunderet. Marknadsføringa er det vegkontoret sjølve som står for, men Lefdal seier dei har hatt eit tett samarbeid med kommunane i begge endane av tunnelen - Lærdal og Aurland. Og ifølge vegsjefen har alt gått etter oppskrifta.
Turistsjef Gunn Eidhammer er redd pressedekninga vert dårleg, og etterlyser mellom anna fjernsynsstasjonen CNN. Lefdal er ikkje sikker på om dei stiller, men han er trygg på at opningsdagen og kongevitjinga blir grundig dokumentert i verdspressa.
- Det er meldt interesse frå New York Times og ei rekkje andre media, seier han.