Han fortalde at det var vanskeleg å fungere, og han var skeptisk til det meste han såg ute hjå kundar i dag og papir han fekk overlevert i samband med revisjon.
-Revisjon er bygd på tillit. Eg føler meg misbrukt og har også mista tilliten til andre.
-Kven er grunnen til at du har mista den tilliten?.
-Det er vel ikkje noko å legge skjul på, men det veit vel alle, sa han og sikta til Jarle Kvalheim.
Det var under aktor si utspørjing av revisoren, som har hatt det daglege arbeidet for Kvalheim, at han fortalte dette. Aktor synte også til dei mange fiktive selskapa og fiktive personar dei meiner Kvalheim har operert med.
-Når eg får ei stadfesting av ein dagleg leiar i eit selskap eg er revisor for, så stolar eg på desse forklaringane, sa revisoren.
Han la til at han kunne ikkje drive noko etterforsking av det som skjedde i selskapet eller drive noko form for inkassoverksemd mot selskap som hadde gjeld uteståande av OK Fish.
-At det er ført falske dokument og falske selskap, føler du at det var noko du kunne undersøkt betre, spurte aktor.
-Nei, det kunne eg ikkje. Fokuset mitt var å få stadfesta opplysningane. Det var det eg trengte. Skulle eg granska desse selskapa? Nei, det hadde eg aldri fått tid til, svarte vitnet.
Han fortalde vidare at heller ikkje han kjente til den svindelen som hadde pågått i selskapet eller at OK Fish skulle dumpa prisane til EU. Dette gjorde heller ikkje sjefen hans, Olav Sølvberg i Firda Revisjon.
-Eg visste andre gjorde det, men ikkje at det vart gjennomført i OK Fish. EU hadde tross alt vore i OK Fish og granska dette, og når ikkje dei fann noko, då rekna eg med det var i orden.
Kvalheim har forklart at han hadde orientert revisorane sine om at dette skjedde, men blir avvist av båe dei to revisorane som har vore i vitneboksen i dag.
Revisoren reagerte sterkt på at OK Fish betalte meirverdiavgift på fisk som vart kjøpt frå Nord-Norge, når dette eigentleg ikkje var nødvendig. Dette tok han sjølv opp med Kvalheim.
-Eg vart fortald at han gjorde det slik, for at han då fekk momsoppgjer kvar veke. På den måten kunne han gjere opp med oppdrettarane raskare.
-Dette trudde du på, spurte aktor
-Ja, eg godtok den forklaringa. Det var ikkje mi oppgåve å undersøke dette.