NRK Meny

Har avhøyrt vitne

Politiet i Førde har kome i kontakt mannen som lufta hund i nærleiken av der bilulukka på E39 i Askvollkrysset skjedde onsdag i førre veke. Ein 22 år gamal mann omkom i ulukka. Lensmann Magne Faleide opplyser at vedkomande ikkje hadde sett noko som kunne kaste lys over det som skjedde. Faleide seier dei no ventar på rapporten frå Statens vegvesen si ulukkesgruppe og dei tekniske undersøkingane av ulukkesbilen.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.