Hopp til innhold

Gudvangatunnelen stengt

Det har kome melding om røyk i Gudvangatunnelen på E16, opplyser Vest politidistrikt. Det skal vere varmgang i bremsene på ein varebil som har skapt røyken. Tunnelen er stengt inntil vidare, naudetatar er på veg til staden. Vegtrafikksentralen opplyser at tunnelen er stengt grunna bilberging.

– Varmgangen har forårsaka røyk, men det er ikkje opne flammar. Vi har stengt tunnelen og luftar ut, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

– Bilbergar blir guida inn i tunnelen no, fortel ho.