Hopp til innhold

-Fylkespolitikarane satsar for vidt

- Politikarane legg ikkje til rette for vekst i fylket. Det seier Alfred Bjørlo i Måløy Vekst.

Alfred Bjørlo
Foto: Helge Mikalsen/VG / Scanpix

I går viste prognosar frå Statistisk Sentralbyrå at folketalet i fylket vil stagnere dei neste 20 åra, og professor Frank Aarebrot meinte fylkespolitikarane hadde skulda for utviklinga. Bjørlo er samd i kritikken.

- Satsinga har vore for fragmentert. Ein har ikkje sett vekstpotensialet, og ein har ikkje med tyngde satsa på å leggje til rette for at veksten kan skje der det er mogleg for vekst, seier han.

Kritikk mot fylkespolitikarane

Tysdag gjekk professor Frank Aarebrot ut med krass kritikk mot fylkespolitikarane. Han viste mellom anna til Statistisk Sentralbyrå sine prognosar, som viser folketalsnedgang langs kysten i fylket, og meiner det blir satsa altfor lite på kystområda.

Aarebrot synes det er ein skandale at Sogn og Fjordane, som ligg midt i smørauget mellom store vekstfylke, ikkje klarar å vekse.

Sjå Aarebrot dengjer laus

Stor-region på kysten

Bjørlo er heilt samd i kritikken, og meiner eit godt vegsamband mellom Florø og Måløy vil vere heilt avgjerande for å skape vekst i området.

- Per i dag er Florø og Måløy for liten til å konkurrere med Ålesund og Bergen.

- Men det er realistisk å sjå føre seg at om fem til åtte år kan ein byggje saman Florø og Måløy til ein samanhengande bu- og arbeidsmarknadsregion med gode vegsamband og ein storflyplass som tener heile kysten.

- Då er du begynt å kome opp i ein region som har ein viss storleik, seier han.