Jon Georg Rutledal er ikkje lenger trenar for Tornado FK. Framfor denne sesongen fekk han ansvaret for Tornado Måløy Fotballklubb. Fusjonen i vinter har hatt mykje å bety, ikkje minst sportsleg. -Vi har fått ei mykje større treningsgruppe her heime, i motsetnad til tidlegare då vi har vore veldig lite folk heime. Kvaliteten på treningane er også betre, seier Rutledal.
-Men er kvaliteten på stallen betre?
-Ikkje kvalitetsmessig. Men ein del unge spelarar frå Måløy er talentfulle og har utviklingsmoglegheiter. Sånn sett er det positivt, seier trenaren
Tornado Måløy har trent i Nordfjordhallen i vinter. (Foto: Jørn Lien)
Nedrykket har ei positiv side
Rutledal seier det var tungt å starte sesongen etter nedrykket i fjor. Men samstundes hadde det også ei positiv side. -Ein del spelarar talde på knappane i høve til spel i 2. divisjon med tanke på reising og familie. Desse går no på ein ny sesong fordi vi er i 3. divisjon, fortel Rutledal.
Vil rykke opp
Målsetjinga til Tornado Måløy er å kjempe i toppen. -Og vi tek gjerne eit opprykk. Men sesongen er lang, og årets 3. divisjon er sterk. Det blir ein tøff sesong, seier Rutledal.
Vil merke spelaravgang
Men vårt ekspertpanel med Stig Roger Eide, Geir Navarsete og Stig Nord trur ikkje kystlaget vil kjempe i toppen i år. Femteplass er deira tips og her fortel Stig Roger Eide litt av grunnen for det. -Stallen er breiare, men om han er betre, er usikkert. Ambisjonane er å rykke opp, men eg trur ikkje det skjer i år. Mellom anna vil tapet av Vidar Eikrem og Eivind Iversen bety så mykje at det ikkje blir betre enn femteplass.
Jon Georg Rutledal svarar: Det var litt for langt nede på tabellen, men heldigvis er det ikkje ekspertpanelet som bestemmer til slutt.
Kjem tilbake
Rutledal vedgår at dei vil merke tapet av så sentrale spelarar som Vidar Eikrem og Eivind Iversen. Men
Kennet Hessvik
han kan trøyste seg med at han får gode spelarar som Bjørn Totland og Kristoffer Aarskog tilbake no i vår frå studiar i USA.
-Tek skammeleg feil
Midtbanespelar Kennet Hessvik blir ein av dei sentrale spelarane på årets lag. Han trur vårt ekspertpanel ikkje får rett. -Eg trur de tek skammeleg feil. Vi rykkjer opp!
-Det er det som er målsetjinga?
-Ja, heilt klart!