Sorenskrivar i Indre Sogn tingrett, Steinar Velle, gjekk i går ut i media og retta kraftig kritikk mot politiet, som han meiner favoriserer ressurssterke og forskjellsbehandlar fartssyndarar. Velle fann grunn til å reagere då ein advokat og ein anleggsarbeider begge vart målte til 126 kilometer i timen i 80-sona i Lærdalstunnelen.
Sunnmøre politidistrikt
Medan advokaten frå Sogn og Fjordane fekk ei bot på 6000, fekk anleggsarbeideren i 30-åra ei bot på 8000 kroner og 14 dagar i fengsel. Det var Sunnmøre politidistrikt som handsama saka til advokaten. Politiinspektør Ingar Bøen fortel at dei valde å gi bot fordi farten låg i grenseland mellom betinga fengsel og bot, og fordi mannen kom med ei tilståaing utan at politiet hadde klare bevis.
-Merkeleg
Men det Ingar Bøen seier her meiner professor i strafferett, Ståle Eskeland, er merkeleg. Sogn og Fjordane Politidistrikt ville ikkje handsame saka til advokaten og overførte den difor til Sunnmøre Politidistrikt. Årsaka er at dei kjende advokaten for godt til å handsame den. Ståle Eskeland meiner det ikkje er god nok grunn til å overføre saka.