Slik starta forsvarar Tor Erling Staff då han ville prøve å endre biletet av ein langvaring og tøff konfliktsituasjon mellom den hovudtiltalte og Beheim Karlsen. Medan aktor har skissert ein langvarig trakassering av den indiskfødde guten, meinte Staff at det var miljøet rundt som planta ei oppfatning av den tiltalte hos Arve.
-Kvifor kom Arve stadig til den hytta der den hovudtiltalte budde. Og kvifor reiste han dit den same kvelden som han skal ha blitt skalla ned, spurte Staff retten.
-Og kvifor kasta dei ikkje ut den tiltalte. Laga ei moralsk blokk rundt han. Det har dei først gjort etter at han døydde. Er det riktig at dei var så gode vener med Arve - eller har dei blitt det etterpå?
Staff meinte at klienten i ein periode hadde vore ganske uberekneleg, og at han var utagerande.
-Det har vore den tiltalte sin væremåte. Det hadde nesten vore diskriminerande om han ikkje hadde tatt Arve. Det at han gjorde det har ingenting med hudfarge å gjere. Også andre i miljøet kunne bruke ord om Arve. Klienten min har rett og slett vorte syndebukken fordi han sprang etter den kvelden Beheim Karlsen forsvann, sa Staff.