Hopp til innhold

-Aldri meir Sogndal, seier Aabrekk

I går avslutta Harald Aabrekk si tredje trenarperiode i Sogndal. Så lova han å aldri koma tilbake.

Harald Aabrekk fekk blomster frå supporterane

ALDRI MEIR: Harald Aabrekk fekk blomster frå supporterane etter sin siste kamp som trenar for Songdal.

Foto: Rune Fossum / NRK

I same augneblink som 55-åringen avslutta sin tredje trenarperiode i Sogndal slo han fast at han aldri kjem tilbake til klubben.

– Nei. Det er heilt uaktuelt, seier han.

– Kvifor er du så sikker. Mykje kan jo endre seg med tida?

– Nei, nok er nok.

Meir vil ikkje Aabrekk seie om årsakene til at han avviser at han nokon gong vil kome tilbake til klubben, men det er liten tvil om at konfliktane mellom Aabrekk og leiinga i klubben har prega alle dei involverte.

Konfliktfylt år

– Vi har sett korleis det har tært på både Harald og leiinga. Det har teke fokus vekk frå det me eigentleg skulle drive med, men eg tykkjer me har takla det bra. Det hjelper å ha erfarne folk som Eirik Bakke og Tore André Flo med oss. Dei seier dette er ganske vanleg, seier Sogndal-spelar Ulrik Flo om dei mange konfliktane som har prega Aabrekk sitt siste år i Sogndal.

– Det er trist det har blitt slik, for spelarane er glade i Harald, seier Ulrik Flo.

Kom som 17-åring

Aabrekk kom første gong til Sogndal som 17-årig spelar i 1973. Han skåra klubbens første eliteseriemål i 1982, og spelte til saman 146 kampar for klubben. I 1990 tok han over som hovudtrenar, førte klubben opp i eliteserien, og sikra ny kontrakt året etter. Etter nedrykket i 1992 reiste han vidare til Tromsø, men kom tilbake då Sogndal trengde naudhjelp i 2002. Med Aabrekk som haustvikar berga Sogndal plassen i eliteserien.

I 2010 tok han fatt på sin tredje periode, og førte laget til opprykk på første forsøk.

Pakkar kontoret

– No skal eg pakke saman tinga på kontoret mitt. Kontrakten mi går fram til onsdag denne veka, og då er eg reist, seier Aabrekk.

– Er det ikkje vemodig å ta endeleg farvel med ein klubb som har vore så viktig for deg?

– Det er det. Det ser eg ingen grunn til å leggje skjul på.

– Dette er trist

Forholdet mellom Aabrekk og dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, har den siste tida vore så dårleg at dei to ikkje kan opphalde seg i same rom. Mundal vil ikkje kommentere avskjedshelsinga til Aabrekk, men styreleiar Tor Arne Ness tykkjer det heile er trist.

– Om det stemmer at han seier dette tykkjer eg det er synd. Me kan ikkje gjere anna enn å takke Harald for den fantastiske jobben han har gjort i Sogndal, seier Ness.

Ingen redningsaksjon

Aabrekk har eit sterkt ry som "redningsmann" i norsk toppfotball, og har kome inn og berga både Sogndal, Brann og Vålerenga frå nedrykk. Men dersom nokon trur at Aabrekk nokon gong vil gjere det same for Sogndal igjen, forsikrar han at dei tek feil.

– Det er fullstendig uaktuelt, seier Aabrekk.