Han reagerer kraftig på avtalen. Og han hevdar den nye avtalen vil rasere norsk landbruk og føre til langt færre bønder her i fylket.
Det er avtalen dei 147 landa i verdens handelsorganisasjon vart einige om i Genève i helga, leiaren i bondelaget kritiserer. Her vart WTO landa samde om å ta opp att forhandlingar om liberalisering av verdsøkonomien. Mellom det som vart klart i Genève var ei semje om å fjerne eksportsubsidiar og anna eksportstøtte til landbruket. Landa vart og samde om å redusere andre former for jordbrukssubsidiar.
Fryktar kutt i overføringane
Bakgrunnen for dette er å auke konkurransen og gjere det lettare for fattige land å kome inn på marknaden. Men Nordanger meiner dette vil øydeleggje for norsk landbruk.
- Konkret veit vi ikkje heilt sikkert enda, fordi både Lars Sponheim og Jan Petersen seier rammeverket gir moglegheiter for å fortsette med eit miljøvenleg småskalalandbruk. Men vi er skeptisk til korleis dei skal klare å gjennomføre det, seier han - Vi fryktar store kutt i overføringane.
Det er ein rammeavtale som er underskrive, og det skal forhandlast om kor dei konkrete kutta skal gjerast. Nordanger fryktar eit kutt på sju milliardar første året avtalen gjeld. I dag er jordbruksavtalen 10 milliardar, så det er dramatisk, seier han.
Trur 20.000 bønder forsvinn
Bondelaget har hevda at 20 prosent av internstøtta til jordbruket forsvinn og at 20.000 årsverk vil bli råka. Dette har landbruksminister Lars Sponheim avvist. Han hevdar at den direkte støtta til bøndene likevel kan oppretthaldast. Nordanger held på synet til Bondelaget og meiner Sponheim vinglar.
- Ein dag seier han at viss vi skriv under avtalen slik som han ligg no, må 20.000 bønder vekk. Når avtalen er underskriven seier han at det er mykje positivt i det. Det må vi jo tolke slik at det er positivt at det forsvinn så mange bønder, seier han.