- Wergeland Halsvik rufsete

Miljøvernminister Erik Solheim uttalar seg på sviktande grunnlag når han kritiserer Wergeland Halsvik i Sløvåg, meiner administrerande direktør i verksemda, Lars Hellandsjø.

Erik Solheim
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Statsråden kalla verksemda både rufsete og ikkje til å stole på, etter avsløringar om fleire brot på forureiningslova.

Sjå Brennpunkt-dokumentaren "Ville Vesten"

- Sørgmodig

Hellandsjø er frustrert over å bli framstilt som miljøversting.

- Nei, eg blir berre litt sørgmodig, og eg er sikker på at om ein journalist ringer til Statens Forureiningstilsyn og spør om Wergeland Halsvik er ein miljøversting i Norge, så trur eg han ville ha fått eit anna svar.

- Rufsete fortid

Wergeland Halsvik i Sløvåg.
Foto: Ottar Starheim / NRK

Det var i Brennpunkt tysdag at miljøvernminister Erik Solheim gjekk til det oppsiksvekkande steg å gå til frontalåtak på ei enkeltverksemd. Ministeren kom med kraftig kritikk av måten Wergeland Halsvik i Gulen har handtert avfall på, avfall som i mange land blir rekna som radioaktivt.

- Dette er eit firma med ei rufsete fortid, med mange påpeikingar ved tidlegare oppdrag, med andre ord eit firma ein ikkje utan vidare kan stole på. Difor har eg gitt streng instruks til strålevernet om at det må vere hyppige kontrollar, og det må vere uanmelde kontrollar, sa miljøvernministeren i programmet.

- Bastant utsegn

Lars Hellandsjø
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Lars Hellandsjø meiner Solheim uttalte seg på for dårleg grunnlag.

- Dersom han hadde fått tid til å sjekke med Statens Strålevern og Statens Forureiningstilsyn så ville han ikkje ha kome med ei så bastant utsegn.

Brennpunkt-redaksjonen i NRK opplyser at folk frå Miljøverndepartementet, SFT og Statens Strålevern såg Brennpunkt-programmet saman den 14. mai. Dermed har det vore tett kontakt mellom etatane i forkant av intervjuet med miljøvernminister Erik Solheim.

Får strenge reglar

Norge skal få dei strengaste reglane for handtering av radioaktivt avfall i verda, lovar miljøvernminister Erik Solheim.

Tysdag kom det fram at Norge ikkje har oversyn over kvar det blir av avfall frå oljeindustrien som blir sett på som radioaktivt og farleg i mange land. Det kom og fram at slikt avfall er blitt brent i Sløvåg .

- Unngår uro

Grov aske fra brenning av strålefarlig avfall i Gulen
Foto: Institutt for energiteknikk

- Norge vil no innføre mykje lågare grenser for kva vi reknar som radioaktivat avfall, slik at vi unngår den uroa som mange som har vore i kontakt med avfallet i Gulen kan føle, nemleg at dei kan ha vore utsette for helserisiko.

Oljeproduksjonen i Nordsjøen fører kvart år til at det vert danna mykje avfall som innheld radioaktiv stråling. Men det norske regelverket for korleis ein skal handtere dette avfallet er mykje mindre strengt enn i mange andre land.

Mykje strengare i Syria

Radioaktivitet vert målt i Becqerel (Bq), og i Syria vert alt avfall med meir enn 1 Bq sett på som farleg for menneske og natur. I Norge er den same grensa på 10 bq. I eit dokumentarprogram i Brennpunkt på NRK1 kom det fram at slikt avfall er blitt brent ved verksemda Wergeland Halsvik i Gulen.

Solheim seier Miljøverndepartementet no har sendt eit forslag ut på høyring som skal få slutt på at slikt kan skje i framtida.

- Strengast i verda

- Vi senkar no grenseverdien frå 10 til ein halv Bq. Dermed får Norge det strengaste regelverket i heile verda.

Statens Strålevern har jobba i åtte år med å få eit strengare regelverk i Norge. Atomfysikar Nils Bøhmer i Bellona meiner det har teke alt for lang tid å få på plass betre reglar.

- Det er ikkje grunnar til at dette arbeidet med å få på plass nye reglar i Norge skulle ta så lang tid, all den tid andre land har fått på plass regelverk for lenge sidan.

- Vi har sove

Og statsråd Solheim vedgår at det ikkje har vore godt nok.

- Eg trur sanninga er at vi har sove på dette området, Norge har ikkje vore i fronten, men no har vi arbeidd i to år med dette regelverket og fått det på plass, så eg synest ærleg talt at vi fortener ros for å ha teke tak i eit problem.