Hopp til innhold

- Vondt i ryggen av telehiv

Har du irritert deg over humpete og holete vegar i vinter? Då er du ikkje åleine. Yrkessjåførar får vondt i ryggen av å køyre på øydelagd veg.

Øydelagd vegskulder på E39
Foto: Trude Bakke / NRK

Vinteren har sett sine spor i vegbana over heile Sogn og Fjordane, bokstaveleg talt. Telehiv er eit typisk resultat av ein lang og kald vinter.

  • Kor dårleg er vegen hos deg? Send bilete til oss på sf@nrk.no.

- Det store samtaleemnet

Telehiv på E39
Foto: Trude Bakke / NRK

Etter mykje frustrasjon med mellom anna glatte vegar, mangel på brøyting og stengde fjellovergangar, er det no telehiv som skaper irritasjon i trafikken.

- Fleire seier dei får vondt i ryggen av humpete vegar. Slike holer fèr også stygt med lasta ombord i vogntoga. Det er telehiv over heile landet, men verst er det på Vestlandet. Dette er det store samtaleemnet blant sjåførane no, fortel Arne Slinde Ahlin i Slinde Transport.

Har fått nok

Telehiv er eit stort problem kvar vinter, og det blir ikkje mindre av det før vegane blir rusta opp. No krev transportselskapa at styresmaktene tek problemet på alvor.

- Det kostar mange milliardar å gjere noko med det, men det må til. Vi kan ikkje ha det slik, seier Slinde Ahlin.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Telehiv har øydelagd køyrebana
Foto: Trude Bakke / NRK

Kvifor blir vegen øydelagd?

Telehiv skjer når vatn samlar seg under topplaget på vegen. Frose vatn har større volum enn flytande vatn, og får vegen til å bule ut etterkvart som frosten får virke.

Telehiv oppstår ofte på eldre vegar, der vegen ikkje er tjukk nok til å vere tilpassa arktiske forhold. Og eldre vegar er det nok av i Sogn og Fjordane.

Lovar betring til våren

Statens Vegvesen har fått fleire klager på telehiv i vinter, og seier dei fyller i dei verste holene, og skiltar der det er humpete veg.

- Mykje av den humpete vegen vil gå tilbake når det blir vår i lufta. Der vegen framleis er holete, vil vi vurdere tiltak. Vi har mykje gamal veg i Sogn og Fjordane, og difor blir telehiv eit problem. Sjølv har eg køyrt riksveg 57 til Dale i dag, og det var ikkje noko kjekk oppleving, seier seksjonsleiar Margot Åsebø i Statens Vegvesen.