Kokkin meiner politiet på dette tidspunktet av etterforskinga burde vere mest opptekne av å hente inn opplysingar.
Falsk forklaring
Hedda Karterudseter vart drepen på hybelen sin i Sogndal.
Torsdag i førre veke vart ein 26 år gammal mann pågripen og sikta av politiet for falsk forklaring. Den 26 år gamle mannen hadde forklart at han hadde sett den drapssikta 35 åringen i ein kebabkø i sentrum av Sogndal, same tid som politiet meiner den sikta var saman med Hedda Karterudseter.
- Uheldig signal
Kokkin, som studerer vitnepsykologi, meiner det sender eit uheldig signal til andre potensielle vitne.
- Kvifor hastar det så veldig å avskjere andre vitne frå å melde seg? Eg ville ikkje ha gått til politiet og fortalt at eg såg det same, seier ho.
Kokkin tykkjer politiet burde ha venta til etterforskinga er ferdig, før dei siktar vitne.