Norsk countrytreff på Breim, som vart arrangert i helga, selde nesten 9000 billettar i løpet av dei to dagane festivalen vara. Festivalleiinga har år etter år lokka både norske og amerikanske kvalitetsartistar til den vesle vestlandsbygda. Og på programmet i år var både Hellbillies og countrystjerna Charlie Pride frå USA.
Likevel får ikkje Norsk countrytreff ei einaste statleg krone av Norsk kulturråd. Dette stadfestar at kulturrådet viser ringakt for norsk countrymusikk, hevdar Nils R. Sandal.
Folkemusikkfestivalen får støtte
Norsk countrytreff fekk i to år på slutten av 1990-talet 100.000 kroner frå Norsk kulturråd, men har ikkje fått noko statsstønad etter det. Førde internasjonale folkemusikkfestival derimot får 1,65 millionar statlege kroner kvart år. Folkemusikkfestivalen sel kring 14.000 billettar på dei fire dagane arrangementet varar, altså berre 4000-5000 fleire billettar enn countrytreffet.
Reagerer sterkt
Nils R. Sandal reagerer sterkt på at store festival i Sogn og Fjordane som Balejazz og Norsk countrytreff ikkje får eit øre når Førde internasjonale folkemusikkfestival får 1,65 millionar kroner.
Avviser kritikken
Leiar i festivalutvalet til Norsk kulturråd, Morten Mølster, avviser at Norsk kulturråd har fordommar mot countrymusikk. Mølster seier han håpar at ein countrymusikkfestival får pengar når festivalstønaden for neste år blir delt ut.