Arkivfoto NRK
- Ei storstilt utbygging av vindmøller vil ikkje vere effektiv klimamessig, og det er ikkje lønsamt samfunnsøkonomisk, seier Michael Hoel, som er professor på Økonomisk Institutt ved Universitetet i Oslo. - Hadde det vore andre gode føremål ved vindkraftsatsinga, kunne det ha rettferdiggjort naturinngrep og mangel på lønsemd, men vi er svært skeptiske til at det har noko for seg miljømessig, seier Hoel.
- Storstila feilsatsing
Tre ulike forskarar har gått saman om eit innlegg i fleire aviser her i landet. Føremålet er å setje all vindkraftsatsing i Noreg på dagsorden. Og bodskapen er soleklar: Ei storstila utbygging av vindmøller representerer verken ein effektiv klimapolitikk eller god samfunnsøkonomi. Å satse på vindkraft er ei storstila feilsatsing, seier dei tre. - Subsidieordningane er for sjenerøse og bør trappast ned, dessutan bør ein i vere svært restriktiv med å gi konsesjon, iallfall der det er snakk om store negative konsekvensar for naturen, seier Michael Hoel.
Utan støtte, ingen vindmøller
På grunn av forventningar om omfattande støtte er det i ferd med å bli bygd fleire omstridde vindkraftparkar i Noreg, seier Hoel. Utan støtteordningar ville få eller ingen av anlegga bli bygde. Utbygging vil endre landskapsbiletet dramatisk mange stader langs kysten og gje varige skader på naturen. Så no er det behov for ein tenkepause, hevdar dei. - Noreg produserer i motsetnad til mange andre land ikkje elektrisitet basert på kol, olje og gass. Vi har nokre planlagde gasskraftverk, men prosessen med om dei blir bygde eller ikkje vil nok gå sin gang uavhengig av om Noreg byggjer mykje vindkraft eller ikkje. Enkelte hevdar at om vi byggjer vindkraftverk så importerer vi mindre kraft frå Danmark, men fullt så enkelt er det ikkje, seier Michael Hoel.
Per Storegjerde. Arkivfoto NRK
- Politisk bestemt
Sunnfjord Energi har saman med seks andre kraftselskap planar om vindkraftutbygging fleire stader langs kysten, det siste prosjektet som er lansert er ti vindmøller på Lutelandet i Fjaler. Admininstrerande direktør Per Storegjerde vedgår at vindkraft er ulønsamt. - Men dette er jo politisk bestemt, det er den rådande energipolitikken i kongeriket i dag, at den desidert dyraste alternativet skal løftast opp. Målet er å byggje tre terrawatt, eller tre milliardar kilowattimar innan 2010, i dag har vi ein terrawatt, seier Storegjerde.
Ikkje grunn til å vente
Han har tru på at vindkraft etter kvart blir mykje meir vanleg enn i dag, så det er ingen grunn til å vente. - Tenkepause synest ikkje vi skal ta. Ei vindmølle er enkel å skru ned att, seier direktøren i Sunnfjord Energi.