Hopp til innhold

- Vil merkast dersom ein må redusere ytterlegare i psykiatrien

Sjølv om psykiatrien har måtte ta sin del av kutta som Helse Førde har gjennomført, meiner leiar ved Nordfjord psykiatrisenter, Trond Aarre, at innsparingane har gått greitt. Men ytterlegare innsparingar

Førde sentralsjukehus

FRIGJORT: Ved å bruke mindre døgnbehandling har ein frigjort ressursar i Helse Førde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Trass i innsparingar er det langt fleire som får hjelp no enn tidlegare, om ein skal tru Aarre.

– Ved å bruke mindre døgnbehandling frigjer ein betydelege ressursar som kan kome pasientar til gode mykje tidlegare i sjukdomsforeløpet, meiner Aarre.

Han er likevel klar på at det er grenser for kor langt strikken kan tøyast og kor mykje det kan strammast inn.

– Eg har sagt til styret at det vil nok gjere vondt dersom dei vil redusere ytterlegare, seier Aarre.

Har redusert omfanget av døgnbehandling

Ved opninga av styremøtet Helse Førde i dag fekk styret orientering om situasjonen for psykiatrien i fylket.

Psykiatrien har måtte ta sin del av innsparingane som Helse Førde har vore igjennom. Aarre meiner det til no har gått greitt.

Trond Aarre

HAR GÅTT GREIT: Trond Aarre, leiar ved Nordfjord psykiatrisenter, meiner innsparingane i psykiatrien har gått greit.

Foto: Helse Førde

– Det har vore ei fornuftig innstramming på nokre område, som vi veit kostar mykje og som ikkje alltid gir så mykje igjen. Til dømes har vi redusert omfanget av døgnbehandling ganske betydeleg i Helse Førde, seier Aarre.

Han trur omlegginga har vore nyttig.

– Det har nok fremma andre behandlingsformer som er betre tilpassa brukarane sine behov. Så desse innstrammingane har, etter mitt syn, gått bra, seier Aarre..

Poliklinisk aktivitet aukar

Aarre er likevel ikkje sikker på at psykiatrien i fylket kan halde fram å tilby like gode opplegg for brukarane dersom ein ikkje snart sluttar å kutte.

– Ein kjem jo til eit nivå kor det ikkje lenger er mogeleg å justere, men der noko må avskaffast. Men eg er ikkje sikker på at det kjem til å gå like greitt om ein må halde fram med å skjære ned, seier Aarre.

– Innsparingar i helsevesenet betyr som regel at ein må ha færre menneske som jobbar i sektoren. Likevel meiner du at det har gått greitt?

– Ja, så langt har det det. Alle tal tyder på at den polikliniske aktiviteten er klart aukande. Det er inga teikn til kommunehelsetenestene er mindre nøgd med oss no, tvert om, seier Aarre og legg til:

– Før vi klagar på ressursmangel, må vi gå igjennom bruken av dei midla vi får frå fellesskapet og spørje oss om dei har kome til nytte eller om det er noko som går til spille.