Han er ein av fiskeskipperane frå Ervik Havfiske som vart sikta i ei av dei mest omfattande fiskefusksakene i landet. Honningsvåg seier han heller ville hatt ei rettssak, slik at han kunne fått reinvaske seg. Saman med ni andre skipperar har Honningsvåg vore sikta i ei av dei mest omfattatande fiskefusksakene i landet.
Sakene forelda
I går valde altså Statsadvokaten i Troms og Finnmark å legge vekk saka fordi den var forelda. Men lovbrota som påtalemakta meinte Honningsvåg hadde gjort, skal ha funne stad i 1999 og 2000 og var i såfall alt forelda då han vart sikta i fjor, seier advokaten til Honningsvåg, Robin Kirkhus.
Vil bli reinvaska
Honningsvåg meiner han no er fråteken høvet til å bli reinvaska, og han vurderer å krevje erstatning. Både han og advokaten er kritiske til måten etterforskinga er gjennomført på. Fleire gonger har dei også prøvd å kontakte påtalemakta utan å få svar, dei har også sendt over informasjon som dei meiner viser at det er praktisk umogleg at Honningsvåg kan ha gjort det han var sikta for.