Hopp til innhold

- Vil ha Rikstoto-pengar

Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid ønskjer ein meir stabil økonomisk situasjon.

- I dag får senteret løyvingar over statsbudsjettet for eitt år om gongen, men det er for lite stabilt, seier styreleiar Kristen Hundeide.

Difor vil dei no gjerne ha meir pengar frå Rikstoto-midlane, slik Norsk Hestesenteret på Austlandet får.

Ein rapport som no er ute på høyring lanserer ei eventuell samanslåing av dei tre nasjonale hestesentera. Men Hundeide meiner det er ein for stor og omfattande prosess.