Advokat Ivar Blikra meiner det er uhaldbart at den sikta 42-åringen skal vere nøydd til å bu på glattcelle og at dette strir mot menneskerettane. Blikra vil at den sikta heller skal bu på hotell med politivakt.
Ikkje uvanleg med glattcelle
Lensmann i Førde, Kjell Fonn, seier det ikkje er uvanleg at ein sikta må opphalde seg på glattcella når han skal for retten, men forstår at dette ikkje er nokon ideell situasjon.
Fonn uttalar at dei vil gjere sitt for å gjere opphaldet så komfortabelt som mogleg på cella. Mellom anna vil politiet setje inn ei seng og eit bord på cella, som er utan vindauge og elles berre er utstyrt med eit toalett i eit hjørne.
Uhaldbart og uverdig
Forsvarar Blikra er kritisk til dette og meiner dessutan problemet er vel så mykje dei andre som er på glattcelle:
- På ei glattcelle er situasjonen den at det vil liggje folk i naboceller som spyr, som bråkar og som har abstinens. Den sikta skal etter instruksen vekkast opp kvar halvtime. Det seier seg sjølv at når den sikta skal følgje lange rettsforhandlingar i den viktigaste saka i livet hans, så er dette ei fullstendig uhaldbar og uverdig situasjon.