NRK Meny
Normal

- Viktig siger for sauebøndene

Styresmaktene kan ikkje med lova i hand nekte sauebønder å sleppe dyr på utmarksbeite på grunn av rovdyrfaren. Det går fram av ein rykande fersk høgsterettsdom.

Saueflokk (arkivfoto)
Foto: NRK

- Dommen er svært viktig for alle husdyreigarane i rovdyrområde, seier ordførar Torodd Urnes i Luster.

 

- Det er viktig for saueeigarane at dei har rett til å bruke utmarka, ein rett dei har hatt i generasjonar, og dett set stoppar for at ein med bakgrunn i dyrevernlova hindre saueeigarane å sleppe sauer på fjellet.

Vart nekta å sende sauene på beite

Den aktuelle dommen gjeld 12 saueeigarar i Rendalen i Hedmark. Dei gjekk rettens veg avdi Mattilsynet nekta dei å sende sauene på utmarksbeite på grunn av rovdyrfaren. Landbruksdepartementet, Miljøverndepartementet og Mattilsynet meinte dei med rovdyrlova i hand kunne gjere dette.

 

Ordførar Torodd Urnes i Luster
Foto: NRK

Luster ein av 73 kommunar

Utmarkskommunenes Sammenslutning, som består av 73 kommunar i landet, og der Luster er einaste medlem her i fylket, gjekk til sak. I Luster er ingen blitt nekta å sende dyr til fjells, men det har vore nære på i samband med jerv og bjørn.

- Det har vore truga med at dei ikkje fekk .lov til å sleppe sauer til fjells fordi det var for mykje rovdyr i fjellet, seier ordførar Torodd Urnes i Luster..

- Må få fylgjer

Utmarkskommunane tapte i lagmannsretten, men vann altså i Høgsterett. Advokaten deira, Anita Wirak, vil ikkje kommentere følgjene av dommen før ho har sett premissane, men ordførar Torodd Urnes i Luster meiner dette må få følgjer for styresmaktene sitt forhold til rovdyr.

.- Ein kan iallfall bruke denne dommen til å få storsamfunnet til å vere med og ta ut meir av rovdyra der dei ikkje skal vere.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser