Det er utviklingsdirektør Magne Bjergene på United World College i Fjaler som stiller spørsmål ved eit statleg regelverk som gjer det svært vanskeleg for elevane å studere vidare i Norge. I staden vert nesten alle headhunta til universitet i USA, Canada og Storbritannia. Utlendingane er mykje flinkare enn oss til å knyte kontaktar i andre land.
Viktig for næringslivet
Karin Halle seier desse studentane er viktige for næringslivet. Spesielt når bedrifter skal knyte kontaktar og etablere seg i nye marknader. NHO-direktøren meiner at norske universitet og høgskular også må verte flinkare til å marknadsføre seg i utlandet.