Hopp til innhold

- Vik sin eigen idè

Vik fekk det dei ba om frå Terra - og litt til, seier revisor Sven Erik Østby.

Revisor Sven Erik Vestby

Revisor Sven Erik Vestby orienterte kommunestyret i Vik om Terra-skandalen i dag.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Vik skil seg frå dei andre Terra-kommunane på eit vesentleg punkt. Vik har ikkje kjøpt ei pakke. Det var Vik sin ide, sa revisor Sven Erik Vestby då han orienterte kommunestyret i Vik om Sogn og Fjordane revisjon sin gjennomgang av Terra-saka.

- Vik var moden for plukking

Kommunepolitikarane i Vik bestilte ris til eigen bak då dei bestilte revisjonsrapporten, og ris fekk dei til gangs. Revisoren framstilte Vik som ein kommune som var moden for plukking.

- Det fanst ikkje noko ytre eller indre forsvar. Og var det berre Terra som kunne plukka dykk? Nei, det trur eg ikkje. Dei fann dykk ikkje ein gong. Dei vart invitert hit, sa Vestby og viste til at det var tidlegare ordførar Erling Stadheim som gjekk til Terra med kommunen sine kraftinntekter.

- Som eit tungdrive gardsbruk

I den nådelause gjennomgangen siterte han fleire kjelder i kommunen som peika på store manglar av, til og med totalt fråver av, internkontroll.

- Kommunen er som eit tungdrive gardsbruk. Det er fem av alt som det burde vore ein av, og avstand mellom alt som burde vore nært, siterte Vestby.

Ordførar Marta Finden Hallset sine gjentekne ynskjer om å sjå framover og leggje det som har skjedd bak seg vekte ikkje gehør hjå revisoren:

Inviterte Terra inn sjølv

Han peika igjen på at det var kommunen sjølv som inviterte Terra inn døra.

- All saksbehandling i denne saka vart gjort av Terra sjølv. Vik sette eit vilkår: At alt skulle skje i henhold til kommunelova. Terra sa at det skulle dei gjere, men ingen såg etter at det faktisk vart slik, sa Vestby.

Terra forandra natur

- Så fekk Terra hand om kompetansen og ressursane. Terra fortalde kva kommunen skulle investere i. Og så forandra Terra seg. Folka i Terra vart overført frå Terra Kapitalforvaltning til Terra Securities. Dei vart flytta frå forvaltarposisjon til salsposisjon, og Vik hadde ikkje noko forsvar. Ikkje hadde dei eigenkontroll, ikkje hadde dei kompetanse eller varslingsrutiner. Det einaste dei hadde var tillit til Terra.

Ikkje enkelt for rådmannen

Vestby sin kritikk landa tungt i fanget på tidlegare rådmann Nils Geir Myrkaskog – men han hadde også nokre ord i rådmannen sitt forsvar.

- Heile kommunen måtte ville det om ein skulle ta ein gjennomgang og stille kritiske spørsmål til Terra-avtalen. Rådmannen sit der og har meir enn nok med dei daglege utfordingane, og Terra-saka var ingen stor sak i kommuneadministrasjonen fordi Terra gjorde det meste av saksførebuingane, sa Vestby.