Hopp til innhold

- Vi vil gje dei eit håp

Anne Lene Lillegraven og Børre Tystad startar aksjon for dei jordskjelvråka på Haiti.

Barn reddet fra ruinene

Fleire er blitt redda ut av ruinane etter skjelvet. Men det er framleis mange som er sakna.

Foto: Gerald Herbert / Scanpix/AP

- Vi vil gje folk på Haiti håp om ei framtid, seier Børre Tystad.

Sterke bilete

Anne Lene Lillegraven og Børre Tystad

Anne Lene Lillegraven og Børre Tystad

Foto: Inger H. Aske Lothe, Firda Tidend.
Haiti

Det meste ligg i ruinar etter skjelvet.

Foto: AFP PHOTO OLIVIER LABAN-MATTEI / Scanpix
Skadet HAITI-baby

Borna lid etter skjelvet.

Haiti-sykehus

Helsepersonell jobbar på spreng med å gje naudhjelp til dei som treng det på Haiti.

Mann truer med kniv i Haiti-kaoset

Det er kaos på Haiti. Her trugar ein mann med kniv i kaoset.

Foto: Gerald Herbert / Scanpix/AP
Kvinne funnet under ruinene etter fire døgn

Ei kvinne er funne i live i ruinane fire døgn etter skjelvet.

Foto: Scanpix/AP
Haiti

Folk er desperate etter drikke og mat, og det er vanskeleg for hjelpemannskap å nå fram med naudhjelpa.

Foto: AFP PHOTO / THOMAS COEX / Scanpix

På Børre Tystad gjer kanskje dei sterke TV-bileta enda meir inntrykk enn på oss andre.

For ei veke sidan kom han og sambuaren heim frå Haiti. Og like etter raserte eit jordskjelv liva til mange av innbyggjarane i byen Port-au-Prince og dei omliggande byane.

Tankane går til alle dei som no sit att med ingenting.

- Korleis har dei det, dei som vi traff der no, spør sambuarparet.

Var i sjokk

Gjennom TV, radio og nett ser vi sterke bilete av katastrofen på Haiti.

Dei første meldingane etter skjelvet vitna om menneske i sjokk og som desperat trengte hjelp.

- Vi vart vel sitjande litt i sjokk ei stund. Så vart vi vel meir og meir frustrerte over å vere så langt vekke, og ha det så godt når vi visste at dei som hadde så lite no ikkje har noko i det heile, seier Børre Tystad.

Starta aksjon

Mellom dei sambuarparet vart kjendt med var fleire born gjennom Prosjekt Haiti.
Prosjektet arbeider for å betre livssituasjonen for fattige born som bur i slummen.

Bileta frå dramatikken og kaoset som er på Haiti no fekk sambuarparet til å bestemme seg for å bidra. Dermed starta dei sin eigen aksjon.

På kontoen under namnet Haiti-aksjonen kan folk setje inn pengar som går direkte til prosjekt Haiti.

Vil gje dei ei framtid

Etter jordskjelvkatastrofen har folk akutt hjelp for vatn, mat og anna naudhjelp.

Men Tystad seier borna vil trenge hjelp lenge etter at etterdønningane av skjelvet har lagt seg.

- Vi prøvar å få inn mest mogleg pengar og ressursar til det akutte behovet som er no. Men vi vil også gje dei moglegheit til å få eit liv, utdanning og eit håp igjen, seier han.

Barn reddet fra ruinene

Mange born lir etter skjelvet.

Foto: Gerald Herbert / Scanpix/AP