Hopp til innhold

- Vi vart overkøyrde

Tre kampar på under ei veke skulle vise seg å bli tøft for Stryn då dei møtte Fjøra laurdag.

- Eg er særleg skuffa over det vi presterte i andre omgang. Ein del av spelarane var nesten ikkje er istand til å flytte beina, seier trenar Jon Terje Tjellaug.

Sjå resultata frå laurdagens kampar: Dagen for uavgjort

Stor belastning

Måndag vann laget over Sogndal 2 i 3. runde i serien, medan dei tapte for Langevåg i 2. kvalifiseringskamp i cupen onsdag.

Laget har hatt få spelarar tilgjengelege, slik at det har blitt stor belastning på dei som har vore disponible.

Er glade for eitt poeng

Laurdag møtte dei Fjøra på Fosshaugane Campus i Sogndal og kampen enda uavgjort 1-1. Det første målet skåra Asbjørn Tenden for Stryn i 1. omgang, medan Ole Morten Kvam utlikna for Fjøra rett før kampslutt.

- Totalt sett skal vi vere glade for at vi kunne reise frå Sogndal med eitt poeng. Sjølv om vi leia 1-0 til pause, var det Fjøra som styrte andre omgang. Vi kan takke keeperen vår i dag for at vi kan reise heim med eitt poeng.

Skal skaffe seg overskot

Det er særleg det dei prestere i andre omgang som Tjellaug er skuffa over. Han seier at dei har mykje å ta tak i.

- Spelarane var slitne både psykisk og fysisk. Fjøra sprang nærast over oss. Dei produserte mange målsjansar og dominerte stort i andre omgang. No er det to veker til neste kamp, og fram til då skal vi skaffe oss overskot igjen.

- Burde vunne

Fjøra-trenar Jan Rune Årøy er skuffa over at det berre blei eitt poeng i dag.

- Det var Stryn som kom best i gang, men eg føler at første omgang var jamnspelt. I andre omgang køyrde vi over Stryn og vi burde vunne. Men for å vinne må vi skåre mål, og det gjorde vi ikkje før rett før kampslutt i dag.