Hopp til innhold

- Vi treng ikkje valdtektsmottak

Regjeringa lova valdtektsmottak i alle fylke, men her i fylket meiner fagfolk at det ikkje er naudsynt.

Illustrasjonsbilde - på voldtektsmottak

Illustrasjonsbilete på valdtektsmottak.

Foto: NRK

Avdelingssjef i Sosial- og helsedirektoratet, Jon Hilmar Iversen, deler synspunkta til Fylkeslege Petter Øgar og resten av fagmiljøet.

- Valdtektsmottak er ikkje nødvendigvis den beste løysinga i eit grisgrendt fylke som Sogn og Fjordane. Det aller, aller viktigaste er at dei som vert utsett for overgrep, får raskt hjelp. Då er legevakta nærast. Det er viktig at legevakta kan dette best mogleg, seier Iversen.

Naudsynt med mottak

Amnesty Internasjonal er svært kritiske til at regjeringa ikkje har oppfylt sine eigne lovnadar om eit slikt mottak i fylket. Torsdag la valdtektsutvalet fram ein ny rapport som viser at ni av ti valdtekne ikkje melder saka til politiet. Den konkluderer med at det er naudsynt med betre oppfølgjing av valdtekne.

- Vi veit at det framleis føl veldig stor skam med å bli utsett for valdtekt og seksuelle overgrep. Difor er det viktig at vi har eit kompetent og tilpassa helsetilbod, seier rådgjevar i Amnesty, Patricia Kaatee.

Krev Brustad på bana

Kaatee krev at Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad grip inn og pålegg fylkesmannen å etablere valdtektsmottak.

- Det kan ikkje vere slik at kvinner som vert utsett for seksuelle overgrep og valdtekt i Sogn og Fjordane ikkje har eit kompetent medisinsk behandlingstilbod på linje med kvinner andre stadar i Noreg, seier ho.