Hopp til innhold

- Vi treng ein spelar som Bakke

Sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling, ynskjer Eirik Bakke hjarteleg velkomen heim.

Trond Fylling

Trond Fylling seier Sogndal treng ein spelar som Eirik Bakke.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Det hadde vore veldig gledeleg. Han har vist at han er ein veldig god spelar, og sikkert har to-tre-fire år att på toppnivå, seier Fylling.

- Autoritær

Det var i går at Eirik Bakke vedgjekk at mykje tyder på at han kan returnerer til moderklubben Sogndal . 32-åringen reiste til England og Leeds United i 1999. Sidan har han spelt for Aston Villa og Brann. Med ein snittalder på 24,14 år på spelarstallen, vil rutinen kome godt med.

- Han har ein veldig autoritær måte å spele på, og han vil kunne tilføre det unge laget veldig mykje, meiner Fylling om midtbanespelaren.

- Må ta ein prat

Fylling legg til at vilkåra også må ligge til rette for at Bakke skal bli Sogndal-spelar. At kontrakten hans snart går ut, er ikkje nok.

- Det er går på lønn og det der, og ikkje minst at Eirik har den rette motivasjonen. Men vi må sette oss ned og ta ein prat, seier Fylling.

- Men det er opp til Eirik. Det er han som styrer det løpet der, seier Fylling.