Hopp til innhold

- Vi treng alle sjukehusa

Erling Sande vil arbeide for at Helse Førde får nok pengar til å oppretthalde dagens sjukehustilbod.

Erling Sande
Foto: NRK

Vi har spurt toppkandidatane kva dei meiner om nokre aktuelle problemstilingar for Sogn og Fjordane.

Høyr portrettet med Erling Sande

1. Kor aktuelt meiner du det er å bruke bompengar for å betale for samferdselsprosjekt?

– Det bør vere det offentlege som betalar for vegar og annan viktig infrastruktur, men dersom det er lokalt ynskje for det så kan det opnast for bruk av bompengar for å realisere eller framskunde prosjekt.

2. Kva meiner du bør skje med den planlagde 420 kV kraftlinja tvers gjennom fylket?

– Ein bør finne ein trasè for den som tek omsyn til busetjing og viktige naturområde.

3. Kva vil du gjere for få slutt på fråflyttinga frå fylket?

– Aktivt støtte opp om dei som vil skape næring og arbeidsplassar i fylket vårt. Jobbe for betre vegar, god breibands- og mobildekning og eit godt helse, omsorgs- og skuletilbod i kommunane.

4. Kva meiner du må gjerast for at Helse Førde skal kome ut av dei økonomisk problema?

– Vi må arbeide for at Helse Førde får nok midlar til å nå dei målsetnadane som Stortinget har sagt. Vi skal ha nærleik til føde-, akutt og medisinske tenester. Vi treng både eit sterkt sentralsjukehus og levande lokalsjukehus. Ei god ambulanseteneste er viktig for tryggleiken til folk.

5. Kva er det viktigaste du som politikar vil gjere lokalt for miljøet?

– Jobbe for ei storstilt auke i produksjonen av fornybar energi. Produksjon og vidareforedling av ny fornybar energi er både god miljø og klimapolitikk og gjev Sogn og Fjordane store mogelegheter for næringsutvikling og arbeidsplassar.

Litt meir personleg:

1. Kva har vore avgjerande for partivalet DITT?

– Partiet sitt klokkeklare nei til EU, miljøpolitikken og distriktspolitikken.

2. Kva sak er den viktigaste for DEG å kjempe for dei neste fire åra?

– Legge til rette for dei som vil skape arbeidsplassar eller kulturtilbod i Sogn og Fjordane. Støtte dei som arbeider for ei positiv utvikling for fylket vårt.

3. Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

– At dei kjempar for sosial- og geografisk utjamning
– At dei jobbar for desentralisering og forenkling
– At dei ser det er viktig med betre kommunikasjonar

4. Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Arbeiderpartiet, SV og KrF.

5. Kva parti vil du samarbeide minst med?

– FrP og Høgre.