Hopp til innhold

- Vi set opp ekstraframsyning

Den første hyllestkonserten for Olav Stedje blei utseld på ein dag. No blir det sett opp ekstrakonsert.

Olav Stedje og Stian Sjursen Takle

EKSTRAKONSERT: Olav Stedje er populær og no får fleire sjansen til å sjå og høyre hyllesten.

Foto: NRK / NRK

– Dette er svært gledeleg. Billettane til hyllestkonserten for Olav Stedje vart rivne vekk i løpet av helga. Men no har vi klart å sette opp ei ekstraframsyning same kveld, seier Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Lang gjesteliste

Artistar som Sigrid Moldestad, Tone Damli Aaberge, Håvard Lothe, Finn-Erix, Liv Kreken, Roger Allan Ivin, Odd-Erik Lothe og Tyyl! skal saman lage gallaførestilling for å markere Olav Stedje sine 30 år som plateartist. Billettane vart lagt ut på laurdag, og var utseld alt på søndag. No må ein vere rask om ein skal sikre seg plass på ekstraframsyninga.

– Det gler meg at interessa er så stor. Olav er jo ein mann som dei fleste i fylket har eit forhold til. Når nokre av dei beste artistane frå Sogn og Fjordane skal framføre sine Stedjefavorittar, trur eg dette kan bli veldig flott, seier Sjursen Takle.

Olav er heidersgjest

Konserten vert ein gallakonsert der Olav blir heidersgjest, men der han og kjem til å framføre eit par av sine favorittar gjennom 30 år. Det er kulturhuset i Sogndal som arrangerer Stedjelutt saman med NRK Sogn og Fjordane.

– Vi tenkjer å lage ei ramme rundt denne kvelden som gjer dette til ein festkveld for både Stedje, artistane og publikum. Er det nokon som fortener ein slik kveld, så er det vel han, seier Stian Sjursen Takle.

Han skal vere programleiar i kulturhuset i Sogndal laurdag den 24. september. Medan den første framsyninga startar klokka 18, vil den nyoppsette starte klokka 20.15.