Hopp til innhold

- Vi såg bjørnen

Og i Fjærland er sauekadaver funne like ved riksvegen.

Bjørnen
Foto: Nævra, Arne / Nævra, Arne

I natt såg medlemmar av jaktlaget eit dyr som har kryssa ei snøfonn. Det var etter alle solemerke bjørnen dei jaktar på.

Les også: Kan ha sett bjørn

12-13 timar gamle

- Vi har vore i området der i ettermiddag, og såg tydlege spor. Dei er nok ikkje meir enn 12-13 timar gamle, seier fellingsleiar Finn Olav Myren.

Han seier det er svært sannsynleg at spora er frå bjørnen som vart observert.

Avventar hundar

Laushundekvipasje på austlandet blir sett inn i søket så fort spora etter bjørnen er ferske nok. Framleis avventar Myren å ringje etter hundane.

- Vi treng kanskje endå litt ferskar spor før vi set dei inn, eg er litt usikker. Vi tar ei avgjerd snart, seier han.

Nytt sauekadaver

Samtidig med dei nye bjørnespora er det gjort funn av eit nytt sauekadaver like ved riksvegen i Fjærland, ikkje langt frå Bøyabreen.

- Eg fekk sjå eit MMS-bilete for ikkje lenge sidan, og det verkar som det er bjørnen. Og det kan stemme godt med dei observasjonane vi har gjort til no, seier fellignsleiaren.