Hopp til innhold

- Vi mista jobben, sa ikkje opp

Det seier Jarle Christensen i Sogn brann og redning. Full forvirring om brannberedskapen i Sogn.

Brannmann

AVVISER KRITIKK: Jarle Christensen og brannkorpset i Vik avviser at dei driv kampanje. Illustrasjonsfoto.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

- Vi som har jobba i Sogn brann og redning har blitt oppsagde. I tillegg fekk vi tilbod om andre stillingar enn det vi har hatt til no. Det valde vi å takke nei til, seier Jarle Christensen i Vik.

Endrar vaktene

Det var i førre veke at Sogn avis fortalde om situasjonen i brannkorpset i Vik kommune.

Frå 1.mai vert ordninga med frie personar på vakt i helgene redusert til beredskap på eitt befal og ein sjåfør. Resten baserer seg på frivillig arbeid.

Då uttalte Christensen saman med fleire andre kollegaer at dei frykta for brannberedskapen i kommunen etter at det var fatta vedtak om kutt.

«Det er all grunn til å reagere på det eg meiner er tendensiøs, ufullstendig og feilaktig informasjon»

Oddbjørn Ese

Fryktar for beredskapen

- Brannberedskapen vert rein gambling etter 1.mai, seier Christensen til sognavis.no .

I laurdagens utgåve av avisa kjem rådmannen i VIk, Oddbjørn Ese, med sterke karakteristikkar av brannmannskapet og deira uttale.

- Det er all grunn til å reagere på det eg meiner er tendensiøs, ufullstendig og feilaktig informasjon, seier han.

- Dette er sabotasje

Rådmann i Vik, Oddbjørn Ese.

REAGERER: - Det er sabotasje at sju tilsette seier opp samstundes, seier Oddbjørn Ese som er rådmann i Vik.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ese seier til NRK Sogn og Fjordane at han står inne dette.

- Brannberedskap er noko alle er opptekne av, og det fører berre til uro blandt folk at brannmannskapa går ut og seier det dei seier. Det kan verke som dei driv ein kampanje og brukar oppseiingane som eit pressmiddel.

Dette avviser Christensen på det sterkaste. Han derimot meiner informasjonen om situasjonen er heilt feil.

Avviser påstand frå rådmannen

- Vi har ikkje sagt opp. Vi er blitt oppsagde. Dette er absolutt ikkje nokon aksjon frå vår side. Det er utarbeidd ein risikoanalyse av beredskapen som viser at den bør vere slik den har vore. Når kommunestyret og rådmannen vel å sjå vekk frå denne reagerer vi, seier han.

- Held de fast på at kutta vil føre til at brannberedskapen vil vere uforsvarleg?

- Ja, vi meiner vi kan stå inne for dette og då kan vi sjølvsagt ikkje gå inn på ordninga som vi meiner ikkje er god nok for å oppretthalde beredskapen.

- Rådmann Ese kallar det for ein sabotasje, korleis reagerer du på det?

- Eg toler heilt fint at rådmannen seier det, men det stemmer ikkje. Fakta må kome fram, beredskapen er ikkje forsvarleg når ein kuttar i tilbodet.

Slit med å fylle stillingane

Ese seier til NRK Sogn og Fjordane at dei no slit med å fylle stillingane etter dei sju som har valgt å slutte.

Jarle Christensen

FRYKTAR FOR BEDRESKAPEN: Jarle Christensen meiner det ikkje er forsvarleg om Vik gjennomfører kutta i brannberedskapen.

Foto: Privat

- Akkurat no har vi eit problem med beredskapen fordi vi ikkje har fått erstatta dei som har gått ut av stillingane.

Men det er ikkje berre i Vik at brannkorpset reagerer på kutt. I Luster varslar dei tilsette også oppseiingar.

For den nye ordninga skal også innførast i den kommunen.

Same problem i Luster

- No risikerer vi at utrykningsleiaren står aleine, utan sjåfør, seier tillitsvald for Sogn brann og redning IKS avdeling Gaupne, Odd-Steinar Saur til Sogn avis.

Han er også kritisk til at dei tilsette ikkje fekk informasjonen frå kommunen, men oppdaga den tilfeldig.

- Om vi vart tekne med på råd? definitivt ikkje, seier han til avisa.

Rådmannen i Luster, Jarle Skartun, seier til avisa at det er vedteke ei ny brannordning i kommunestyret og at det no er opp til brannselskap å gjennomføre den nye ordninga.