NRK Meny
Normal

- Vi må vere skjerpa og på tå hev

Sogndal er fullt klar over at dei møter eit av dei beste norske fotballaga, men assistenttrenar Håvard Flo har likevel ei god kjensle før møtet med Rosenborg heime på Fosshaugane søndag.

Håvard Flo

TØFF KAMP: Håvard Flo og Sogndal er klare for ein tøff kamp mot Rosenborg heime på Fosshaugane.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er kanskje eit av Norges beste lag, iallfall på papiret, men eg har ei god kjensle, seier Flo til NRK.no.

Sogndal kjempar no heilt i botnen av eliteserien og ligg før oppgjeret mot trønderane på den litt utsette 13.-plassen. Dett dei ned endå eit hakk må dei ut i kvalifisering for å behalde plassen og det å få med seg poeng frå kvar kamp blir svært viktig utover seinsommaren og hausten.

Let seg ikkje skremme av toppa lag

Sogndal kjem til å få det tøft mot eit forsterka Rosenborg som kjem til Fosshaugane søndag. Mix Diskerud og Tarik Elyounoussi er nye på trønderlaget, to solide spelarar som det blir stilt store forventningar til.

Assistenttrenar Håvard Flo let seg likevel ikkje skremme.

– Rosenborg har spelarar som mange av dei andre laga i serien berre kan drøyme om, så vi må vere skjerpa og på tå hev, seier han og viser samtidig til at han den gode kjensla før oppgjeret.

– Må utnytte sjansane vi får

På spørsmål om kva som skal til for å ta poeng mot laget som no ligg på tredjeplass på tabellen er oppskrifta den same som før Molde-kampen sist helg.

– Vi må utnytte dei få sjansane vi får mot gode lag. Å ta dei moglegheitene er prioritet ein, seier Flo.

Han legg vidare til at laget må ha ei knallhard kollektiv innstilling og arbeidsmoral.

– Spelarane må springe masse, vi må vere ekstremt gode på dødballar både for og imot. Klarar vi det så har vi ein bra sjanse, seier han.

Håpar på tre poeng

Sist helg måtte Sogndal reise heim frå Aker Stadion med eit surt 2–1 tap i bagasjen. Sogndal hang med så lenge dei hadde krefter til det, men etter kvart vart balltempoet til Molde for mykje å takle.

Flo seier laget på ny er klar for å møte ein tøff motstandar.

– Det er heimebane, ei flott ramme.

– Vi er offensive og håpar at vi kan få med oss eit godt resultat og gjerne tre poeng.

Vegopning på Bergum i Førde kommune