Hopp til innhold

- Vi må slå netthandelen på service

God service er nøkkelen om butikkane skal greie seg i konkurransen med netthandelen, meiner senterleiar.

Amfi Sogningen

BUTIKK ELLER NETT? Nordmenn kjem til å bruke 50 milliardar kroner på julehandel, 3,4 milliardar av desse er på nettet.

Foto: Wilhelm Tangerud

Wilhelm Tangerud

HARD KONKURRANSE: Senterleiar Wilhelm Fredrik Tangerud seier butikkane må vere best på service.

Foto: Oscar Andersen

– Vi må vere best på service, det er utruleg viktig, seier Wilhelm Fredrik Tangerud som er senterleiar på Amfi Sogningen i Sogndal.

Der er senteret pynta til jul etter alle kunstens reglar, men nissar og julemusikk er langt frå nok til å lokke alle kundane. Mange handlar julegåvene på nett.

Tal frå butikkane sin eigen organisasjon, Virke, viser at nordmenn kjem til å bruke 50 milliardar kroner på julehandel, 3,4 milliardar av desse handlar folk for på nett.

– Butikkane våre merkar konkurransen, men ikkje i stor grad enno. Men det vil bli ei stor utfordring i framtida, seier Tangerud.

– Komfortabelt for forbrukarane

Butikkeigarar over heile landet er inne i den mest spennande månaden i året. Julehandelen er for svært mange heilt avgjerande for kor gode resultata blir.

Men netthandelen freistar altså stadig fleire.

– Det er nok først og fremst fordi forbrukarane synst det er komfortabelt. Dei kan sitte heime i stova og bestille varer, og få dei heim i postkassa eller hente dei på postkontoret.

Mange synest det er veldig greitt, framfor å gå i det kaoset som kan vere i butikkane før jul, seier direktør for handel i Virke, Thomas Angell.

– Slår ikkje oss på stemninga

Også Trond Valaker som driv Telekiosken i Førde merkar konkurransen frå netthandel. Han meiner uansett netthandelen aldri kan danke ut butikkar og kjøpesenter i forhold stemning.

– Det er ikkje berre kaos å handle i butikkane før jul, det er også koseleg. Det å gå i julegatene, i julebutikkane og sjå på juleutstillinga er for mange ein del av jula, seier Valaker.

På Amfi Sogningen er senterleiar Wilhelm Fredrik Tangerud er heilt samd i at stemning er viktig. Men også service.

– Vi må skape det trygge gode kjøpesenteret. Med dei gode kafeane, og med god service, det må vi vere best på, seier han.

Vil kurse medarbeidarar i service

Og nettopp service kjem det til å bli stadig meir fokus på framover. Tangerud seier dei vil sende medarbeidarar på kurs for å bli best mogleg på dette.

– Det handlar om å ta imot kundane på best mogleg måte, og om gode returordningar for å nemne noko.

– Dette er ting som vi har fokus på hos oss, og dette var også diskutert på den store kjøpesenterkonferansen i Trondheim, seier Tangerud.

(Artikkelen held fram under biletet)

Amfi Sogningen

VIKTIG MÅNAD: Julehandelen er for svært mange heilt avgjerande for kor gode resultata blir.

Foto: Wilhelm Tangerud

Butikk – og nett

Han trur også mange butikkar kan sjå nytta av å opprette eigne nettsider, i tillegg til å selje varene sin på butikken.

– Det er fleire av butikkane som allereie har utvikla eigne nettsider. Del sel frå butikken sin, i tillegg til å selje på nett.

– Dette bør også butikkar som ikkje er tilknytt dei store kjedene gjere. Mange har gjort det allereie og har suksess med det, seier han.

Ber folk vere bevisste

Valaker og Tangerud er begge samde om at folk flest må tenkje over kor viktig det er å handle på butikkane i fylket.

– Eg trur ikkje for tenkjer over kva konsekvensar det har om ein handlar nesten alt på nett, seier Trond Valaker.

Eg trur ein tenkjer litt for lite gjennom kva verdiskaping som kjem av å handle i lokale butikkar for Sogn og Fjordane. Eg trur det er spesielt viktig for eit fylke som vårt, med 108.000 innbyggjarar, at folk støttar opp og handlar lokalt, seier Valaker.

Også på Amfi Sogningen vil det få konsekvensar om netthandelen tek over endå meir av handelen. Om folk handlar mindre i butikkane vil det bety at det trengst færre tilsette.

– Vi har i dag 400 tilsette på heil og deltid. Ein reduksjon i det talet vil ha stor betydning for kommunen og kommunane rundt. Det er utruleg viktig at folk har fokus på å leggje igjen pengar lokalt, seier han.