Rolf Domstein. Arkivfoto NRK
Det har herska kaotiske tilstandar i laksenæringa etter at EU innførte vernetiltak mot norsk laks. I går stogga all eksport til EU. Dette har aktualisert kravet om medlemskap.
- Ikkje anna løysing
- Eg ser ikkje noko anna løysing enn medlemskap. Så lenge vi står utanfor, må vi leve med trugsmål frå EU heile tida, seier Rolf Domstein. Han meiner at stortingsrepresentantar frå kysten med nei til EU-standpunkt no bør tenkje seg om og sjå at det fører til alvorlege konsekvensar å stå utanfor.
Lisbeth Berg Hansen. Arkivfoto NRK
Full semje i næringa
Lisbeth Berg Hansen, styreleiar i Fiskeri og Havbruksnæringens Landsforening, seier Domstein sine haldningar absolutt er representative i næringa. - Vi har årsmøtevedtak på at for å få varig og stabil tilgang til EU-marknaden, så er medlemskap det einaste som nyttar. Det å stå utanfor fører til ustabilitet, uvisse og no i det siste også kaos, seier ho.
Ola Braanaas. Arkivfoto NRK
- Ta lærdom
Oppdrettar Ola Braanaas, administrerande direktør i Firda Management, meiner ein bør ta lærdom av dei siste 15 åra med hindringar. - No har vi drive på med dumpingklager, restriksjonar, minsteprisar, forkvotar og svelteperiodar på fisken. Berre EU-medlemskap kan få slutt på dette, seier han.