Hopp til innhold

- Vi kan ikkje betale

Eigarane av skipsvraket Welheim kan bli sitjande med rekninga etter oljetømminga.

Undervassbilete frå krigsvraket "Welheim".
Foto: Runar Hove

Les og: Startar vrak-tømming i august

Les og: - Godt at noko skjer med Welheim

- Selskapet har ikkje midlar til å betale dette fordi det berre er eit eigedomsselskap som eig vraka. Det er ikkje eit industriselskap med masse pengar i banken, seier Dag Ammerud, medeigar i Saga Shipping.

Oljen var godt synleg over Welheim.
Foto: KV Tor

Kjøpte etter krigen

Sidan 1947 har Saga Shipping kjøpt opp fleire hundre skipsvrak langs norskekysten.

Etter krigen var stål og anna materiale frå desse vraka ettertrakta vare til industrien. Staten, som den gong hadde lite mynt i kassa, ivra for at norske selskap kjøpte opp vraka, slik at dei kom til nytte.

Men det som var ettertrakta materiale den gongen, forureinar kysten i dag.

Eitt av desse skipa, Welheim ligg på havbotnen vest for Florø. Det skal tømast for olje om få veker og Kystverket har varsla at Saga Shipping kan få rekninga.

- Staten har ansvaret

Det likar ikkje medeigar Dag Ammerud. Han meiner staten har ansvar for å tøme vraka, for noko forureining var ikkje tema då staten selde vraka i etterkrigstida...

- Det er reint juridisk eit spørsmål om kven som har ansvaret. Då må ein få høve til å gå gjennom saka sidan den gongen Staten stod og ikkje visste kva ein skulle gjere med desse vraka, seier Ammerud.

Saga Shipping vil ha ein dialog med styresmaktene om ansvarsdelinga rundt forureina skipsvrak. Førebels har ikkje Ammerud fått noko svar tilbake.

Risikerer saftig rekning

Dermed risikerer selskapet framleis ei saftig rekning i posten etter Welheim-tømminga, det fortel bededskapsdirektør i Kystverket, Johan Marius Ly.

- Når han har fått eit varsel om pålegg så har eigar på generelt grunnlag høve til å gjere tiltak sjølv. Om vedkommande gjer det så vil Staten gå inn og gjere det. Då er det slik at Staten i ettertid kan fremje eit refusjonskrav overfor eigaren.