Hopp til innhold

- Vi har vore uvanleg uheldige

Søndagens 1. divisjonsoppgjer mellom Sandnes Ulf og Sogndal, blir eit oppgjer mellom to skadeskotne lag.

Trener Asle Andersen

- Så lenge vi leverer opp mot potensialet, så kan eg ikkje forlange meir og då trur eg på eit godt resultat, seier Sandnes Ulf-trenar Asle Andersen før søndagens møte med Sogndal.

Sogndal reiste til Sandnes med 13 disponible spelarar. Søndag vart både Lars Grorud og Henrik Furebotn friskmelde til å spele kampen.

- Vi er i same situasjon. Vi har truleg ikkje meir enn 13 spelarar disponible til kampen, seier Sandnes Ulf-trenar Asle Andersen.

Manglar åtte spelarar

Sogndal er definitivt utan Tommy Øren, Ulrik Flo, Thomas Ness, Harald Stormoen, Håvard Flo, Joakim Rudolfsen og Eivind Daniel Røed. Sandnes Ulf er utan åtte spelarar av sin 22 mann store spelartropp.

- Dei fleste har vore sentrale i laget. I stallen har vi to juniorar og dei startar mest truleg kampen, seier Andersen.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Uvanleg uheldige

Dermed blir det etter alle solemerke eit oppgjer mellom to reserveprega lag.

- Det er klart vi ynskjer å ha flest mogeleg spelarar tilgjengelege, men samstundes er det ein grunn til at vi har ein tropp på 22 spelarar. Både Sogndal og Sandnes Ulf har vore uvanleg uheldige med skadar. Men det opnar sjansen for andre som vi vonar er svoltne på å vise seg fram og grip sjansen, seier Andersen.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Sogndal - Sarpsborg 08

SJÅ: Sogndal gjekk på sesongens første tap i oppgjeret mot Sarpsborg 08 sist.

15 spelarar

Trond Fylling

Trond Fylling melder at Lars Grorud er friskmeld før møte med Sandnes Ulf.

Foto: Scanpix

Sogndal hadde 15 spelarar i bussen då dei reiste til Rogaland. Av desse er 13 spelarar, inkludert reservekeeper, klare til dyst.

- I tillegg har vi med nokre spelarar som er på veg attende frå skade. Men vi håpar å sleppe å bruke dei, seier sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling, i ein SMS til NRK.

- Robust lag

Sandnes Ulf ser fram til eit jamnt oppgjer mot Sogndal. Sist laga møttes i Rogaland vann heimelaget 3-0. Etter to strake sigrar gjekk Sogndal på tap mot Sarbsborg i førre runde. Sandnes Ulf har på si side eitt poeng etter møte med Strømmen, Moss og Løv-Ham.

- Sogndal er eit robust lag, og vi må stå opp i duellane og ta krigen. Den må vi vinne i begge endar. Der har motstandarane vore betre enn oss til no, seier Andersen.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Løv-Ham - Sandnes Ulf

SJÅ: Sandnes Ulf tok sitt første poeng i bortemøte mot Løv-Ham i førre serierunde.

- Trur på poeng

- Vi har spelt mot, og vore fullt på høgde med, lag som er tippa på nedre halvdel på tabellen. Slik sett har vi fått dårleg betalt med eitt poeng. Men sjansane er absolutt til stades for å ta poeng mot Sogndal om vi presterer maksimalt i alle ledd, held Sandnes Ulf-trenaren fram.

Lennox Kanu

Lennox Kanu frå tida i Sogndal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Som med Sarpsborg 08 sist, har Sogndal aldri slått søndagens motstandar. Men oppgjera er langt mindre. Oppgjeret på Fosshaugane i 2008 enda 1-1 etter scoring av Håvard Flo.

Dei to laga har ein spelar felles. Lennox Kanu spelte for Sogndal frå 2006 til 2008. På 46 obligatoriske kampar vart det åtte mål i sogndaltrøya.

Laget til Sogndal: Piotr Leciejewski; Per Egil Flo, Lars Grorud, Even Hovland, Isak Scheel; Henrik Furebotn, Ole Jørgen Halvorsen, Elvis, Barry Kader; Espen Olsen, Mats Solheim.

Benken: Joseph Bendik, Gustav Valsvik, Ørjan Hopen, Joachim Rudolfsen, Ulrik Flo.

Tidlegare oppgjer mellom Sandnes Ulf og Sogndal

Sesong

Heimelag

Bortelag

Resultat

2008

Sogndal

Sandnes Ulf

1-1

2008

Sandnes Ulf

Sogndal

3-0