I dag fekk Bakke, Trond Fylling og Kjetil Ruthford Pedersen ein to månaders frist til å få klubben inn att på opprykkssporet - og det krev konsentrasjon. Det å skifte ein trenar og sportsleg leiing i den situasjonen Sogndal er i akkurat no tykkjer ikkje Fylling noko om. Han meiner dei no må få litt arbeidsro framover.
- Det er ikkje meir enn ein månad sidan laget fungerte rimeleg bra, så vi er nøydd å finne tilbake til vinnarmelodien. Og det er det ikkje andre som har større føresetnader å gjere noko med enn vi, seier han.
To budsjett
Og alvoret har gått opp for spelarane.
- Eitt eller to tap til no, så er sjansane minimale til å klare opprykket. Og om Kjetil Ruthford Pedersen sin dystre spådom skulle slå til - meiner Hallén at klubben vil klare det og. - Vi byrjar budsjettprosessen om sommaren, og legg to budsjett, eitt for førstedivisjon og eitt for tippeligaen.