Hopp til innhold

- Vi burde avgjort dette sjølve

Sogndal spelte torsdag ettermiddag 1-1 mot Nybergsund Trysil under ein treningskamp på La Manga.

Karl Oskar Emberland

Karl Oskar Emberland var ikkje heilt nøgd med effektiviteten mot Nybergsund Trysil torsdag.

Foto: Sander Heggheim / NRK

- Det var litt tamt den første timen, med mykje kjemping. Så skifter vi ein god del etter eit kvarter av andre omgang og produserer ein fem-seks store sjansar. Vi skal eigentleg avgjere det sjølv, men rotar det litt til på slutten for oss sjølve, seier Sogndal-trenar Karl Oskar Emberland.

Klabb i forsvaret

Etter ein førsteomgang med få sjansar og ingen mål, tok det 36 minutt av andre omgang før nokon av laga makta å få nettkjenning. Henrik Furebotn kom inn som innbyttar etter kring kvarteret og gav Sogndal leiinga med eit skot frå 25 meter ni minutt før slutt. Seks minutt seinare utnyttar Nybergsund ein tabbe av Per Egil Flo og Gustav Valsvik.

- Eg meiner bestemt at vi skal avgjere dette sjølve. Vi dominerer stort siste halvtimen og produserer fem-seks store sjansar. Men litt grums i bakre firar gjer at dei får utlikne. Det må vi prøve å luke vekk, seier Emberland.

Fekk sjansen

Sogndal stilte med eit ungt lag i oppgjeret. Ulrik Flo, Oddbjørn Skartun, Ørjan Hopen og Eivind Daniel Røed fekk alle sjansen frå start i kampen. Seinare kom også 15-årige Valsvik frå Vik inn for Sogndal. Sogndaltrenaren ynskjer ikkje å trekke fram enkeltspelarar.

- Dei klarte seg som venta. Vi har spennande unggutar. Det var på tide at dei fekk prøve seg. Det byrja litt stressande, men etter eit kvarter-20 minutt tek vi over. Stressande 15 minutt av andre omgang. Elles er eg nøgd. Eg tykte dei generelt gjorde ein god jobb, seier Emberland.

Sogndal står framleis utan tap etter sju kampar av oppkøyringa.

Utanom torsdagens kamp, har Sogndal følgjande resultat så langt i oppkøyringa:

HAUGESUND 2-1

MOLDE 0-0

Les også: Emberland skjelte ut Molde-trenar

NOTODDEN 5-2

STRYN 3-0

START 1-1

Les også: Flo comeback med scoring

Laget: Piotr Leciejewski, Lukaz Nadolski, Morten Christensen, Lars Grorud, Per Egil Flo, Eivind Daniel Røed, Ahyee Aye Elvis, Ørjan Hopen, Ulrik Flo, Teemu Turunen, Oddbjørn Skartun.

Nytta innbyttarar: Even Hovland, Valtter Laaksonen, Daniel Lubienicki, Tarjei Dale, Henrik Furebotn, Rune Bolseth, Gustav Valsvik.