Hopp til innhold

- VG og Dagbladet må nytte nynorsk

Det krev Utdanningsforbundet. Dei fryktar for kunnskapen til skuleelevane.

Dagbladet og VG
Foto: Oddvin Aune

Utdanningsforbundet i fylket har skrive brev til VG og Dagbladet. Dei krev at avisene slepp til nynorsk på redaksjonell plass. Fylkesleiaren i utdanningsforbundet, Gunn Marit Haugsø, meiner det språklege mangfaldet må syne at i spaltene til riksavisene.

- I tillegg til skulen har media, og særleg avisene, eit stort ansvar for å utvikle det norske språket. Det er avgjerande at elevane møter begge skriftspråk i det daglege, same kva hovudmål dei har, seier Haugsbø.

Redaktørane stiller ikkje opp

NRK Sogn og Fjordane har gjort forsøk på å få nokon av redaktørane til å stille til debatt. VG svarte ikkje. Anne Aasheim i Dagbladet hadde ikkje tid. Det overraskar ikkje Haugsbø.

- Når redaktørane har gått aktivt ut og forbydd journalistane å nytte nynorsk, er det klart at dei ikkje ynskjer denne debatten heller, konstaterer ho.

Utdanningsforbundet har ikkje har hatt direkte kontakt med nynorskbrukande journalistar i avisene. Likevel er Haugsbø sikker på at det er journalistar i VG og Dagbladet som ynskjer å bruke nynorsk. Ho meiner nynorsk språkbruk vil ha positive ringverknader for avisene.

- Det er mange lesarar i Sogn og Fjordane og i andre fylke, som har nynorsk hovudvekt. Derfor eg er heilt sikker på at det vil vere positivt om desse avisene også brukar nynorsk, seier ho.

Nyttar ikkje å protestere

Mange har prøvd å presse avisene til å endre haldning, slik at det ikkje berre er lesarinnlegga som kan vere på nynorsk, men også nyheitssakene og kronikkane. For eit par år sidan samla Noregs Mållag inn 36 000 underskriver frå folk som ynskte nynorsk i riksavisene, men kampanjen førte ikkje fram.

Undervisningsforbundet har no sendt brev til avisene, men Haugsø har liten tru på at det hjelper.

- Eg er redd me ikkje har så mykje å ta tak i, men det er i alle fall ikkje hjelp dersom ingen tek tak i problematikken, understrekar ho.